Oppgåve
Vurder møbelstoff til ein lenestol
I denne oppgåva skal du vurdere ulike kvalitetar på tekstil brukt til ein lenestol.

Arne Jacobsens stolar Egget og Svanen blir rekna som moderne klassikarar. Dei vart utforma for lobby- og salongområde til SAS Radisson Hotel i København i 1958.
Oppgåve
Bruk internett og søk opp ein polstra lenestol frå ein møbelleverandør i proffmarknaden. Møbelleverandørar har ofte underleverandørane sine presentert på nettsida si. Du kan velje ein av desse.
Bruk litt tid på nettsida og sjå på kva møbelstoff dei tilbyr.
Vel nokre av stoffa. Finn ut korleis dei ser ut, kva dei er laga av, og kva eigenskapar stoffa har. Samanlikn kvaliteten i tekstila du har valt ut.
Bruk eit materialbibliotek og finn fram ulike tekstilkvalitetar, eller dra til ein møbelleverandør og sjå på dei ulike møbelstoffa dei har i butikken.

Klassikaren Hallingdal 65 frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik er designa av Nanna Ditzel. Møbelstoffet er laga av 70 prosent ull og 30 prosent viskose. Denne kombinasjonen bevarer eigenskapane og slitestyrken til ulla, samtidig som viskosen gir fargane ekstra glød.