Produktutvikling og det utvida produktet - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Produktutvikling og det utvida produktet

Det er ikkje berre sjølve kjerneproduktet som skal utviklast – alle elementa som inngår i eit produkt, må varetakast i produktutviklinga. Nokre av desse «utvida produkta» er svært viktige for ei god kundeoppleving.

Det utvida produktet

Figuren under viser kva for nokre andre delar enn kjerneproduktet som kan inngå i eit produkt.

La oss sjå på eit døme på det utvida produktet:

Ein frisør har hårklipp som kjerneproduktet sitt, og sjølvsagt driv frisøren stadig produktutvikling av dette kjerneproduktet. Men i tillegg til å utvikle kjerneproduktet, vil frisøren utvikle dei andre elementa som også er ein del av tenesta. Det kan vere val av gode hårpleieprodukt som frisøren bruker, gir opplæring i og tilbyr for sal.

På same måte vil all annan type opplæring som frisøren gir til kundane sine, vere ein del av det utvida produktet. Når frisøren har lært noko nytt, kan han vidareformidle denne kunnskapen til kundane sine. Dette blir ei form for produktutvikling som ikkje går på sjølve kjerneproduktet, men på andre delar av produktet.

Skrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.05.2018