Krampar
Film om førstehjelp ved krampar (1:04)
Årsaker til krampar
Epileptiske anfall
Årsaka til eit epileptisk anfall er forbigåande forstyrringar i dei elektriske signala i hjernen. Korleis anfallet artar seg, kjem an på kvar i hjernen denne ukontrollerte signalstraumen er lokalisert.
Berre 30 prosent av personar som har epilepsi, opplever krampar i ulike former. Andre kan mellom anna oppleve medvitstap, rykkingar i ei hand eller lukt-, smaks- eller synsforstyrringar.
Epileptiske anfall varierer frå små anfall som knapt blir merka, til kraftige anfall med krampar. Dei fleste anfall går over av seg sjølve i løpet av få minutt og krev ikkje medisinsk behandling.
Ein sjeldan gong går ikkje epileptiske anfall over av seg sjølve i løpet av få minutt, og personen vil då ha behov for førstehjelpstiltak. Det er òg behov for tiltak når det eine anfallet blir avløyst av det neste. Dette blir kalla status epilepticus, og personen skal då alltid til sjukehus.

Andre årsaker til krampar
Psykogene, ikkje-epileptiske anfall kan likne epileptiske anfall, men har ei psykisk årsak. Anfalla varer ofte lenger enn epileptiske anfall.
Krampar kan vere ein reaksjon på overdose av visse typar medikament mot depresjon og sinnsforvirring.
Krampar kan vere eit teikn på for lågt blodsukker.
Stigande feber kan utløyse feberkrampar hos barn under fem år. Barnet mister medvitet og begynner å skjelve eller riste. Krampane kan verke skremmande, men dei er som oftast kortvarige og ufarlege.
Førstehjelpstiltak ved krampar
- Ring alltid 113 når krampar oppstår hos ein tidlegare frisk person, eller om du er i tvil om kva du skal gjere. Du vil her få rettleiing og hjelp.
- Legg personen i sideleie viss mogleg, for å sikre frie luftvegar (les meir om sideleie i lenke nedst på sida).
- Ikkje prøv å stoppe anfallet eller halde vedkommande fast, men forsøk å verne personen mot støyt for å unngå skade.
- Ikkje stikk noko inn i munnen til personen.
- Ta tida på anfallet viss du har moglegheit. Ring 113 dersom det varer meir enn fem minutt hos ein person med kjend epilepsi.
Bli hos personen til det kjem hjelp eller til vedkommande er medviten igjen.
Relatert innhald
I denne oppgåva kan du øve på kva du skal gjere dersom du kjem over ein person med krampar.
Nettside hos helsenorge.no