Fagstoff
Video
Brot
Brot kan oppstå i alle knoklar i kroppen. I dei fleste tilfelle oppstår brotet ved at knokkelen blir utsett for ei ytre kraft i form av slag eller fall.
Film om førstehjelp ved brotskadar (1:11)
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Det finst fleire typar brot, men det vanlegaste er å skilje mellom opne og lukka brot. Eit ope brot vil du lett kunne sjå, mens eit lukka brot er vanskelegare å oppdage.
Teikn på brot
- Personen høyrer at knokkelen brekker.
- Smerter i området som er skadd.
- Unormal bevegelegheit.
- Gnisselyd frå staden som er skadd når knoklane gnissar mot kvarandre.
- Hevelse og etter kvart blåleg misfarging på grunn av bløding.
- Nedsett rørsle i den aktuelle kroppsdelen.
- Kroppsdelen der brot har oppstått, kan ha vorte forkorta.
- Ved eit ope brot vil beinpipene stikke tydeleg fram gjennom ei opning i huda.
Førstehjelpstiltak ved brot
- Ring 113 viss du ser teikn på eit ope brot eller andre teikn på alvorlege brot.
- Konferer med lege/helsepersonell om du er usikker, eller viss teikna er mindre alvorlege.
Lukka brot
- Den skadde delen skal haldast i ro. Stabiliser ved hjelp av ein spjelk eller fatle. Det er viktig at spjelken dekker både leddet ovanfor og under brotet slik at brotstaden blir halden mest mogleg i ro. Dette vil dempe smertene, òg under transport.
- Prøv å legge den skadde delen høgt.
- Kjøl ned det skadde området viss du har ein ispose tilgjengeleg.
Ope brot
- Følg rettleiinga du får av 113.
- Stans bløding – knokkelbrot kan forårsake til dels store blødingar.
- Du bør i tillegg legge ein steril eller rein bandasje over beinpipene. Bandasjen bør vere så rein som mogleg då faren for infeksjon er stor. Prøv deretter å støtte opp rundt beinpipene slik at brotet ligg mest mogleg stabilt.
Legg eventuelt spjelk som beskrive ved lukka brot før naudsynt transport.