Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Førstehjelp

Oppgåve

Kva er emosjonell førstehjelp?

Fight-flight-freeze-respons er ulike reaksjonar du kan møte ved stressande situasjonar som til dømes alvorleg ulykker eller sjukdom. Når du er kjend med desse ulike reaksjonane, er det enklare å handtere dei når du er midt i ein alvorleg situasjon.

Individuelle oppgåver

  1. Kva betyr emosjonell førstehjelp?
  2. Finn ut kva fight-flight-freeze-respons er når det gjeld emosjonell førstehjelp.
  3. Lag eit tankekart over ord/uttrykk som du meiner er sentrale ved emosjonell førstehjelp.
  4. Hent ut seks ord/uttrykk frå tankekartet, og forklar kva du legg i ordet/uttrykket.
  5. Forklar omgrepa:
    1. tillit
    2. empati
    3. sympati
    4. omsorg
    5. sorg
    6. anerkjenning
    7. bodskap
    8. etikk

Gruppeoppgåver

  1. Tenk på ulike situasjonar der ein kan oppleve ein fight-flight-freeze-respons, og diskuter korleis ein bør handtere situasjonen.
  2. Samanlikn tankekartane dykkar. Reflekter og diskuter saman rundt orda og uttrykka som er beskrivne. Kvifor er dette sentralt i emosjonell førstehjelp?

Relatert innhald

Emosjonell førstehjelp

Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar som gir både psykiske og fysiske symptom for dei involverte.

Krisehandtering

Som helsepersonell kan du komme i situasjonar der du må handtere kriser og hjelpe andre i kriser. Kunnskap om krisereaksjonar kan hjelpe deg.

Skrive av Elisabeth Holst.
Sist oppdatert 13.01.2026