Oppgave
Førstehjelp ved forgiftingar
Alvoret av forgiftingar kjem an på ulike faktorar, både mengd og type gift. Det er derfor viktig å kartleggje tidleg kva giftstoff som er innteke/rørt ved, og styrken eller dosen av giftstoffet.
- Finn ut av kva som kan vere ein risiko for forgifting for små barn i din eigen heim.
- Nemn typiske førebyggjande tiltak for å hindre forgiftingar.
- Det finst ulike narkotiske forgiftingar. Finn ut kva nokre av konsekvensane av ei slik forgifting kan vere.
- Kvifor kan det vere farleg med etylforgifting (alkoholforgifting)?
- Kva tiltak ville du sett i verk viss du fann ein ven som var etylforgifta?
- Finn ut kva Giftinformasjonen er.
- Kva er telefonnummeret til Giftinformasjonen? (Kanskje du vil lagre det på telefonen din?)
- Beskriv ein situasjon det ville vore naturleg å ta kontakt med Giftinformasjonen.
- Les situasjonsskildringane under, og lag to rollespel der de praktisk utfører dei riktige førstehjelpstiltaka ved desse hendingane.
Situasjonsskildring 1
Ein person har vorte biten i beinet av ein hoggorm og har sterk svidande smerte. De ser eit tydeleg bitemerke som består av to punksjonshol med om lag fem millimeter mellomrom.
Situasjonsskildring 2
Den eine av dykk speler markør. Markøren ligg på golvet og er svært vanskeleg å få kontakt med. Det viser seg at han eller ho har drukke ein liter sprit. På golvet ser du oppkast.
Diskuter tiltaka som vart sette i verk og eventuelle tiltak som mangla.
- Kvifor gjorde de som de gjorde?
- Var det noko som kunne vore gjort annleis?
- Kva var bra, og kvifor?
Relatert innhald
Fagstoff
ForgiftingarMange stoff kan føre til forgifting. Riktig førstehjelp vil variere frå stoff til stoff.