Diskuter korleis de kan vere profesjonelle yrkesutøvarar - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Diskuter korleis de kan vere profesjonelle yrkesutøvarar

Kva krav og forventningar blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar? Lytt til kva ein frisør, ein blomedekoratør og ein eksponeringsdesignar fortel om utfordringar dei kan møte på i kvardagen, og korleis dei taklar dette. Korleis kan du bli profesjonell i det yrket du har valt?
Tittelen "Handverk og design" er omringa av kvite skisser på ein blå bakgrunn. Illustrasjon.
Handverk og design

Profesjonell yrkesutøvar

Ein frisør, ein blomedekoratør og ein eksponeringsdesignar fortel om kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar. Dei reflekterer rundt eigen praksis og diskuterer korle...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Kven møter vi i podkasten?

Agnes Marie B. Gulbrandsen

Agnes Marie B. Gulbrandsen er frisør og stylist. Ho er dagleg leiar og gründer i Gevir, og ho driv fleire frisørsalongar i Oslo. I tillegg er ho stylist i Style Management.

Anne Ødemark

Anne Ødemark er blomedekoratør og jobbar i Blomsterpikene på Løren. Dei gjer alt frå event-styling til å levere blomar til bryllaup og gravferder eller meir daglege behov.

Torhild Aune Rustenberg

Torhild Aune Rustenberg er utdanna eksponeringsdesignar og har ein BBA i Fashion Merchandising and Management (Bachelor of Business Administration i moteleiing og marknadsføring). Ho er kreativ leiar i InHouse Group og Storeys, der ho mellom anna jobbar med visuell kommunikasjon og produktutvikling innanfor produktgruppene teppe, tapet og tekstilar.

Del 1: Oppgåve

  1. Lytt til podkasten og noter viktige nøkkelord.

  2. Oppsummer det innhaldet du synest er viktigast i podkasten. Bruk stikkorda du skreiv undervegs som utgangspunkt. Her kan du bruke H5P-en under.

Del 2: Diskusjon i mindre grupper

Sitt saman med to medelevar. La alle presentere sine eigne tankar og diskuter:

  • Korleis kan de møte kundar på ein profesjonell måte?

  • Kva utfordringar kan de møte når de jobbar på oppdrag frå andre?

  • Kva strategiar kan de bruke for å meistre forventningar i arbeidslivet?

Del 3: Klassesamtale

Bruk podkasten og oppgåvene som utgangspunkt for ein samtale i klassen om å vere ein profesjonell yrkesutøvar. Her kan de bruke det digitale verktøyet Samtavla til å dele viktige stikkord og til å strukturere samtalen.

Relatert innhald

Fagstoff
Innføring i Samtavla

Bruk Samtavla til å dele korte bidrag. La bidraga til elevane drive dialogen.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2021