Berekraftige blomstrar? - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Berekraftige blomstrar?

Korleis påverkar produksjon og sal av blomstrar berekraftig utvikling? Undersøk livsløpet til snittblomstrar eller plantar.

Oppgåve 1. Livsløpet til snittblomstrar og plantar

  1. Vel ein type snittblomster eller plante. Undersøk livsløpet til blomsteren/planten.
  2. Lag ei reiserute på eit verdskart.

    Last opp verdskart og teikn reiserute i Sketchpad.

  3. Kva trinn finn du i livsløpet?
  4. Finn ut kva påverknad kvart av dei ulike trinna i c) har på berekraftig utvikling.
  5. Diskuter denne påstanden: «Det er lite miljøvennleg å importere snittblomstrar frå land som Kenya og Colombia.»

Oppgåve 2. Kva er best?

Bruk éin eller fleire av påstandane nedanfor som utgangspunkt for ein diskusjon.

Det er betre for klimaet å kjøpe blomstrar som er produserte i Tanzania, enn å dyrke blomstrar i drivhus her heime.

Blomstrar av silke er meir miljøvennleg enn levande blomstrar.

Det er miljøvennleg å bruke oasis fordi det gjer at plantane lever lenger.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020