1 + 1 = 3 - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

1 + 1 = 3

1 + 1 = 3 er ei øving som trenar opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.
Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Tid: 20 minutt

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar. Sørg for at de har noko å notere på. Vel éin i gruppa til å vere referent.
  2. Sjå på oversikta over berekraftsmåla til FN og forklar kort for kvarandre kva berekraftsmåla er. Vel dykk ut to mål. Alternativt kan læraren gi to «tilfeldige» mål til kvar gruppe.
  3. Bruk 3 minutt på å lese om berekraftsmåla de har valt eller fått, og på å diskutere kva desse måla faktisk betyr.
  4. Bruk 8–10 minutt på å kome på idear og skrive ned forslag til korleis vi kan nå dei to berekraftsmåla. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idear er dumme. Det er ikkje lov å seie «nei». Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idear som mogleg.
  5. Bruk 2 minutt på å bli samde om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassen.
  6. Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere sine to forslag for klassen. Sei først kva for to mål de har teke utgangspunkt i, før de fortel om forslaga.
  7. Refleksjon: Det er viktig å reflektere saman over kva de har gjort i denne øvinga, kvifor de har gjort det, og korleis de kan bruke øvinga i ulike samanhengar. Set av 4–6 minutt til dette, gjerne meir.

    Døme på refleksjonsspørsmål:

  • Kva tenkjer de at de lærer av denne øvinga?
  • Kvifor er det viktig å trene på kreativitet?
  • På kva måte hjelpte berekraftsmåla dykk til å kome på idear?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?
  • Korleis og når kan denne øvinga vere nyttig i andre samanhengar (på skulen, på fritida osv.)?

Skrive av Ungt Entreprenørskap.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020