Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Berekraftig gravferd?

«Av jord er du kommen, til jord skal du bli», heiter det i det kristne gravferdsritualet. Likevel gir kransar, båredekorasjoner og pynt på graver store mengder restavfall på norske gravlundar. Undersøk problemet og finn løysingar.

Oppgåve 1. Set deg inn i saka

  1. Les artiklane nedanfor.
  2. Kva er problemet med kransar og båredekorasjonar på norske kyrkjegardar og gravlundar?

Oppgåve 2. Foreslå løysingar

  1. Korleis kan problemet med restavfall løysast?
  2. Lag eit forslag til eller design ein nedbrytbar krans eller båredekorasjon. Gi forslag til materiale som kan erstatte det som ikkje er nedbrytbart i tradisjonelle kransar og båredekorasjonar. Er det mogleg å lage ein krans berre av det ein finn ute i naturen?

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 26.02.2020