Sport og helse i Kina – studiespørsmål - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Sport og helse i Kina – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Sport og helse i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel for å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. I Kina har helse og politikk hengt tett saman. Gi eksempel på dette.
  2. Det er blitt hevda at skisporten blei innført i Kina av ein norsk misjonær som heldt til i Nordaust-Kina (Mandsjuria). Prøv å finne ut kven denne mannen var.
  3. Vinter-OL i 2022 skal haldast i Beijing og i Shíjiāzhuāng 石家庄 i Héběi 河北-provinsen. Korleis vil kinesiske styresmakter løyse forureiningsproblema i Shíjiāzhuāng?
Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018