Å vere gjest – tekstlesing - Introduksjon - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å vere gjest – tekstlesing

Skrive av Luying Wang Belsnes og Ole Fossgård.
Sist oppdatert 21.04.2020

Introduksjon

I denne læringsstien skal du lese og setje deg inn i hovudteksten til leksjonen Å vere gjest​.

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • kunne lese og forstå innhaldet i teksten
  • forstå glosane i teksten
  • ha fått ei grunnleggjande forståing av grammatikken i leksjonen
  • vite korleis du ønskjer velkomen og tek deg av gjester
  • vite korleis du gir kompliment til kokken
  • vite korleis du snakkar om korleis mat luktar og smakar
  • vite korleis du snakkar om kva type mat du likar og ikkje likar
  • vite korleis du skålar for noko eller nokon
  • vite korleis du uttrykkjer takksemd for å ha blitt invitert
  • vite korleis du uttrykkjer at éi handling blir utført medan ei anna går føre seg
  • vite korleis du uttrykkjer eit positivt sluttresultat av ei handling