Oppgave
Tidsomgrep i Kina – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lest artikkelen Tidsomgrep i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Kjenner du til andre folk i det austlege Asia som har liknande dyrekrinsar?
- Kvifor passar det ikkje heilt å kalle kinesiske høgtider for «heilagdagar»?
- Tidlegare var det ei vanleg oppfatning i Vesten at kinesarane hadde eit syklisk tidsomgrep, det vil seie at dei stadig «starta på nytt». Rimer det godt med utviklinga i Kina i det 20. hundreåret?
Relatert innhald
Fagstoff
Tidsomgrep i KinaTradisjonelle kinesiske oppfatningar av tid gjer seg framleis gjeldande i Kina i dag.