Kva driv kinesisk ungdom med på fritida? - Kinesisk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva driv kinesisk ungdom med på fritida?

«Fritidssysler» er nærmast eit nyord, i alle fall i kinesisk samanheng. I det tradisjonelle kinesiske samfunnet var moro og underhaldning ein del av den daglege rytmen, men det var først og fremst knytt til ulike folkelege og religiøse festivalar.

Frå det 20. hundreåret av blei det eit meir markant skilje mellom landsbygda og dei moderne byane som vaks fram, særleg i kystområda. Den største endringa for miljøet til dei unge dei siste førti åra har likevel vore eittbarnspolitikken, som har gjort at mange barn ikkje har nokon søsken. Det gjeld særleg i byane, der fødselskontrollen var strengast. Her har barnehagar spelt ein viktig rolle når det gjeld å gi einebarn moglegheiter til å lære å utfalde seg saman med andre, og ikkje berre vere bortskjemde «småkeisarar», xiǎo huángdì 小皇帝. På landsbygda var kontrollen mange stader mindre effektiv, så moglegheitene til å kunne leike saman med søsken har vore betre der. Men framleis er det store forskjellar på by og landsbygd i Kina når det gjeld korleis ungdomen utfaldar seg.

I dag er fritidsaktivitetane til kinesisk ungdom framleis i stor grad knytte til skulesystemet. For det første krev ofte foreldra at både dei mindre og dei eldre barna tek ekstraundervising seint på ettermiddagen eller på kveldstid for å gjere det så godt som mogleg på skulen. Kinesiske foreldre held streng kustus på barna sine. Eit tradisjonelt ordtak lyder slik: Wàng zǐ chéng lóng, wàng nǚ chéng fèng 望子成龙,望女成凤. Det uttrykkjer eit ønske om at sønene blir som dragar (dvs. at dei presterer høgt), og at døtrene blir som føniksen (ein magisk og vakker fugl i kinesisk folketru). Tradisjonelle kjønnsroller gjer seg framleis gjeldande i måten unge får utfalde seg på, men den strenge fødselskontrollen har òg etter kvart gjort at jentebarn blir sette meir pris på.

Også på felt som vi gjerne reknar som hobbyar, ser vi ofte ei vidareføring av skuleferdigheiter. Det kan gjelde felt som lesing, kalligrafi (kunstskrift), song, musikk, sport og språk.

Kalligrafi på kinesisk inneber ikkje berre å lære å skrive skriftteikn med pensel, men også å øve seg på å skrive fint med vanleg kulepenn. Kalligrafi blei tradisjonelt rekna som ein eigen kunstart. Det er ei øving i mental og rørslemessig konsentrasjon og balanse, og resultatet blir rekna som eit uttrykk for kor kultivert ein person er. For eksempel vil ein kinesisk politisk leiar den dag i dag få problem med å bli respektert om han skriv «stygt». I dag har elektroniske dingsar teke over mykje av skriveverksemda, og det skal bli interessant å følgje med på korleis det verkar inn på dei kalligrafiske ferdigheitene til ungdomen.

Wǔshù 武术, eller kampkunster, er ei samlenemning for ei rekkje ulike stiliserte kampsportar som er populære blant ungdom. Ein variant er blitt kjend i Vesten under nemninga kung fu 功夫, ei sørkinesisk nemning som blei popularisert av Bruce Lee og andre. Uttrykket tyder rett og slett «praktiske ferdigheiter». Pinyinforma er gōngfu.

Ei populær form for wushu er det som på norsk gjerne blir kalla skyggeboksing, tàijí eller tàijí quán 太极拳. Korrekt tradisjonell transkripsjon er t’ai chi ch’üan, men det finst mange rare skrivemåtar. I Kina blir det ofte praktisert som linjegymnastikk, men det går òg an å spesialisere seg i eigne taiji-skular, og då er krava beinharde.

Å lære språk er òg ein populær fritidssyssel blant kinesisk ungdom. Noko av det som i stor grad har inspirert dei til det, er det at kinesisk ungdom i dag har fått sjansen til å reise ut og utforske verda. Det er ikkje langt mellom unge kinesiske backpackarar i dei mest populære byane i Vesten.

Å sleppe ungdom laus på eiga hand både innanfor Kina og ute i den store verda ville vore utenkjeleg i Kina for berre éin generasjon sidan på grunn av dei politiske forholda, men òg på grunn av den tradisjonelle lydigheita som kinesiske foreldre har kravd av barna sine.

Dei fleste kinesiske ungdomane driv nok verken med wushu eller utanlandsreiser, men har dei siste 10–15 åra fått ein ny måte å utfalde seg på (men òg ein ny tidstjuv), nemleg med videospel og Internett, som har spreidd seg raskt utover heile landet.

Men fram til ganske nyleg har tidsfordriv, leikar og hobbyar vore prega av enkle middel og stor oppfinnsamheit. Ta for eksempel leiken «Stein, saks og papir», eller Jiǎndāo, shítou, bù 剪刀、石头、布, som er nemnd første gong i eit kinesisk verk frå rundt år 1600. Truleg er det av mykje eldre opphav, og det har i nyare tid blitt underhaldninga til unge over heile verda.

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2017