Førebuing til leksjon 5
Leksjon 1: Hobbyar

Førebuing
准备
Zhǔnbèi
Dette bør du kjenne til på førehand:
korleis du spør og fortel om det er lett eller vanskeleg å lære eit språk
korleis du uttrykkjer grunnar til at eit språk er lett eller vanskeleg
korleis du seier at du liker å studere eit språk eller ikkje
særtrekk ved det kinesiske skriftspråket
kinesisk familiestruktur
Dette skal du lære:
Språk:
å spørje om andre sine og fortelje om eigne hobbyar og interesser
å uttrykkje om du liker ein aktivitet eller ikkje
å fortelje kva slags film og musikk du liker
å føreslå å gjere noko saman med andre i dag eller i morgon
å avslå eller akseptere ein invitasjon om å bli med på ein aktivitet
å grunngi kvifor du ikkje har tid til å delta i ein aktivitet
Språk, samfunn og kultur:
kinesiske ungdommar sine fritidssysler
Før du starter, tenk igjennom følgende:
Kva slags fritidssysler liker norske ungdommar å halde på med?
Kva slags fritidssysler trur du kinesiske ungdommar liker å halde på med?
Har hobbyar og interesser noko med kultur å gjere?