Utvandring frå Noreg til Amerika: Frå 1825 fram til i dag
I 2025 er det 200 år sidan seglskuta Restauration
forlét Stavanger for å komme fram til New York den 9. oktober 1825 etter tre månader til sjøs. Dei som reiste i den første perioden, var ofte dårleg førebudde, både på reisa og på kva som venta dei i Amerika.

Migrasjon
Migrasjon er ikkje noko nytt. Etter at "Restauration" reiste frå Stavanger til New York, følgde fleire etter i kjølvatnet av henne. Rykta om dei gode forholda i Amerika spreidde seg tilbake til Noreg, og etter ein litt treg start skaut utvandringa fart frå 1860-åra og fram til andre verdskrigen.
Frå 1825 til 1915 kom om lag 800 000 personar til å utvandre frå Noreg til Nord-Amerika, dei aller fleste til USA. Nest etter Irland var Noreg det landet i Europa flest reiste frå i forhold til folketalet.
Omgrep om migrasjon
Ein migrant er ein som har busett seg i eit anna land enn der vedkommande er fødd.
Ein emigrant, eller utvandrar, er ein som reiser frå fødelandet sitt og til eit anna land for å busetje seg der.
Ein immigrant, eller innvandrar ein som kjem til eit land frå eit anna, med mål om å busetje seg der.
Periodane og antal personar som utvandra

Dei første norske emigrantane støtte omgåande på utfordringar i det nye landet. Dei prøvde først å busetje seg i Kendall i delstaten New York, men staden var dårleg eigna for jordbruk. Nokre år seinare flytta mange av dei vidare til Fox River i Illionis. Der etablerte dei den første permanente norske busetjinga. Staden fungerte som knutepunkt for fleire tusen norske immigrantar som kom dei neste åra.
Rykta om dei gode forholda i Fox River spreidde seg etter kvart til Noreg, men det var først i 1836 at den neste skuta med emigrantar forlét Noreg. Dei neste ti åra utvandra om lag 6000 personar årleg frå Noreg til Amerika. Frå 1865, etter den amerikanske borgarkrigen, skaut utvandringa verkeleg fart.
Utvandringa frå 1860-åra og fram til første verdskrigen kan delast inn i tre bølger:
Frå 1866 til 1873 utvandra årleg om lag 12 000 personar. Frå 1880 til 1893 og frå 1903 til 1920 var det årlege gjennomsnittet på 18 000 personar. Toppane i den norske utvandringa til Amerika var 1882 med 29 000 og 1903 med 27 000 personar.
Etter 1900 var det òg eit ein del tilbakevandring, altså at mange returnerte frå Amerika og tilbake til Noreg. Spesielt unge menneske kunne reise opptil fleire gonger fram og tilbake til Amerika for å arbeide der i periodar.
Kva møtte dei første som reiste?
Dei som reiste i den første perioden, var ofte dårleg førebudde, både på reisa og kva som venta dei i Amerika. Få kunne engelsk, og mange hadde ikkje meir pengar enn til sjølve båtbilletten. På hamna i New York blei mange lurte av taskenspelarar og lurendreierar, som var folk som var ute etter å tene pengar på nykomne immigrantar.
Målet for reisa var ofte Midtvesten eller andre område innover i landet. Der hadde gjerne slektningar, venner eller andre kjenningar allereie busett seg. Overfarten skjedde som oftast om sommaren, så immigrantane var gjerne hos kjende den første vinteren før dei sjølve begynte å rydde jord og bygge hus den følgande våren.
Sjølve overfarten

Ferda til Amerika gjekk med båt over Atlanterhavet. I perioden fram til 1865 kom dei fleste norske migrantane til Quebec i Canada og reiste vidare mot målet derifrå. Seinare blei New York hovudporten for immigrantar til USA. Nokre få skip gjekk direkte frå Noreg, men dei aller fleire reiste via England, Tyskland eller Holland.
Med seglskip tok overfarten omkring to månader. I ein periode gjekk det både seglskip og dampskip, men rundt 1873 hadde dampskipa blitt dominerande. Med dampskip kunne ein reise over Atlanterhavet på ei dryg veke.
Kven reiste og kvifor?
Årsakene til utvandringa var samansette, men ein viktig grunn var "draumen om Amerika". I Amerika var det utsikter til arbeid og til å skaffe eit betre liv for seg og sine. Moglegheita til å kunne reise til slekt og venner var òg viktig.
I enkelte norske bygder var det ein stor del av befolkninga som utvandra, og dei busette seg gjerne på same stad i Amerika. Dette opna eit nytt "moglegheitsrom" for folk. Folk reiste til stader der dei visste det kunne vere kjentfolk frå før, slik at dei kunne få hjelp og rettleiing til å finne seg til rette. Ein såkalla utvandrarkultur utvikla seg.
Den første perioden, fram til 1880, var det ofte heile familiar som drog. Dei var som regel blant mellomsjiktet i lokalsamfunnet. Mange kom frå fjellbygder og frå grissgrendte strøk. I denne perioden var det god tilgang på landområde i Amerika, og mange skaffa seg jord og rydda seg ein gard.
Seinare blei det mogleg for husmenn og tenestefolk å reise, både fordi sjølve reisa blei billigare, men òg fordi mange kjentfolk hadde reist over før og kunne hjelpe til med å skaffe jobb. Utvandringa frå byane auka òg.
Frå 1880-åra auka talet på ugifte unge som reiste for å søke lykka i Amerika, betrakteleg. I 1880 var 60 prosent av kvinnene som reiste, ugifte, og i 1907 var 75 prosent ugifte. Blant dei var dei aller fleste tenestejenter då dei drog frå Noreg.
I alle periodane var det litt fleire menn enn kvinner blant utvandrarane.
Periodane med sterk utvandring var òg periodar med dårlege økonomiske kår i Noreg. Gjennom 1800-talet vaks befolkninga sterkt, og mange unge måtte søke vekk frå heimgarden og ut av bygda for å skaffa seg livsopphald. Mange flytta til byane i Noreg for å arbeide i industrien, men byane blei for ein del berre ein stoppestad på veg til Amerika.
Kvar drog dei, og kva gjorde dei?
Gjennom heile 1800-talet og godt inn på 1900-talet gjekk det føre seg ei storstilt busetjing av det amerikanske kontinentet. Gjennom lover som Homestead Act frå 1862 kunne alle vaksne menn, og dessutan kvinner og immigrantar som hadde søkt om statsborgarskap, under visse vilkår legge krav på inntil 160 acres, cirka 650 mål, jord. Der kunne dei bygge seg ein gard eller ein heim. Bakgrunnen for denne utdelinga av jord til vanlege folk var mellom anna frykt for at oppkjøparar skulle legge under seg store område.
Dei enorme jordområda hadde blitt tilgjengelege etter at amerikanske urinnbyggarar – tidlegare ofte kalla indianarar – blei fordrivne frå leveområda sine. Urinnbyggarane hadde som regel måtta oppgi områda som ein del av fredsavtalar etter krigar og massakrar, eller ved såkalla sal av enorme landområde til svært låge prisar.
Dei som erobra dei nye områda, var både amerikanske busetjarar frå lenger aust og immigrantar frå den andre sida av Atlanterhavet. Nordmenn deltok for fullt i dette landnåmet – erobringa av land – i Nord-Amerika. Gjennom åra blei det etablert busetjingar over heile kontinentet, mellom anna i Montana, Texas og Washington. Dei fleste drog likevel til delstatane Minnesota, Illionis, Wisconsin og Nord-Dakota.
Dei fleste nordmennene som utvandra til Nord-Amerika, busette seg på landsbygda, på gardar eller i små landsbyar. Her kunne dei skape seg eit liv dei kjende att heimanfrå, men med høgare sosial og økonomisk status. Nordmennene var – ifølge folketeljinga i 1900 – med god margin den mest rurale, eller landlege, innvandringsgruppa av alle. I 19020 var 80 prosent av omkring ein million norske første- og andregenerasjons innvandrarar i USA busette i øvre Midtvesten.
Det var likevel fleire som slo seg ned i byane. I den tidlege perioden var det mange som busette seg i byane rundt dei store sjøane: Chicago, Milwaukee og Detroit. Etter kvart utvikla det seg òg eit stort norsk miljø i Brooklyn utanfor New York.
Frå 1870-åra blei Brooklyn hovudområde for skipsbygging, dokking og skipsreparasjonar. Sidan mange nordmenn hadde kompetanse og erfaring frå denne næringa, var dette ein grunn til at dei søkte arbeid og bustad der. I tillegg tiltrekte området seg mange norske sjømenn som var i utanriksfart på New York.
I 1910 budde det om lag 30 000 første- og andregenerasjons nordmenn i Brooklyn. Her var det norske bakeri, restaurantar og butikkar. 8th Avenue fekk til og med kallenamnet "Lapskaus Boulevard". Brooklyn var lenge ein base for unge norske menn og kvinner, særleg frå Sørvestlandet, som kom som arbeidsinnvandrarar. På 1950- og 60-talet verka "Brooklyn nærare enn Oslo" for mange som allereie hadde slekt og venner som arbeidde der.
Kommunikasjon
Etter kvart som fleire reiste over, blei det skrive brev som blei sende heim til familie og venner i Noreg. Det kom òg bøker og artiklar med råd og vink til dei som ville reise.

Breva som norske utvandrarar sende heim, blir kalla amerikabrev. I breva fortalde avsendarane om livet i Amerika og om kva moglegheiter som var der. Breva heldt òg slekt og venner oppdaterte om barnefødslar og andre viktige hendingar. Ofte oppmoda dei som skreiv, slekt og venner til sjølve å reise over, og breva blei lesne av mange. I ein del tilfelle blei dei òg trykte i avisene i Noreg.
Dei norske busetjarane gav òg ut eigne norsk-amerikanske aviser. Dei skreiv om saker som opptok nordmenn i Amerika, og delt nytt om stort og smått frå Noreg. Eit døme er Decorah-posten. Den kom ut på norsk i Decorah i Iowa frå 1874 til 1972.
Samkvem og påverknad over Atlanterhavet
I fleire hundreår har Noreg og USA påverka kvarandre, både kulturelt og økonomisk. Den norske grunnlova frå 1814 var sterkt inspirert av den amerikanske grunnlova frå 1787. Og den store norske og europeiske innvandringa til USA på 1800-talet forandra amerikansk samfunnsliv.
Innvandrarane, som dei norske, førte med seg eigne skikkar, eigen religion, kunst og musikk. Mange heldt på sitt eige språk og på kontakten med heimlandet. I dag blir det framleis feira 17. mai og norske festivalar enkelte stader i USA, mellom anna i regi av Vesterheim, det norsk-amerikanske museet, i delstaten Iowa.
Dei sterke banda til Europa var ei av årsakene til at USA blei med i første og andre verdskrigen. Etter andre verdskrigen bidrog USA sterkt til gjenoppbygginga av Europa gjennom hjelpeprogrammet Marshallhjelpen. Han bidrog mellom anna til mekanisering av landbruket i Noreg. Populærkultur frå USA, som musikk og film, blei òg dominerande her i etterkrigsperioden.
I år 2000 var det 4,5 millionar amerikanarar som oppgav å ha norsk avstamming – omtrent like mange som det då budde i Noreg. I dagens amerikanske samfunnsliv og politikk er det fleire med norsk avstamming, som til dømes Pete Hegseth, som er forsvarsminister.
Innvandringa til Nord-Amerika i eit større perspektiv
Mellom 1850 og 1940 forlét omtrent 60 millionar menneske Europa. Halvparten drog til USA, dei andre innvandra til andre verdsdelar. Ein går ut frå at omtrent kvar femte som drog, seinare vende tilbake til fødelandet.
Årsakene til den store emigrasjonen frå Europa til andre stader i verda blir delte inn i både pull og push, dra- og skyvkrefter. Det som drog immigrantane, var først og fremst at landa dei drog til, ønskte emigrantar velkommen. Det trongst folk å dyrke jorda, til å arbeide i industrien, bygge hus og grave gruver.
Frå rundt første verdskrigen blei pull-årsakene mindre. Då begynte fleire land, blant dei USA, Australia og New Zealand, å avgrense kven og kor mange som fekk komme. Avgrensingane kom gjerne fordi det var begynt å bli konkurranse om arbeid, land og andre ressursar, og grupper i desse landa ønskte å verne dei som alt var der.
Ein push-årsak var dei harde tidene i Europa. Svoltkatastrofen i Irland i 1846, revolusjonane i fleire europeiske land i 1848 og 1849 og dessutan forfølginga av jødar i Russland og delar av Aust-Europa gjorde at fleire valde å søke betre liv på andre kontinent.
Ein annan viktig push-årsak som skal nemnast, er at det i Europa i perioden faktisk blei mogleg å reise. Reiseteknologien vart enklare og billigare. Dampskip og dampdrivne tog korta ned reisetidene betrakteleg og gjorde billettane billigare. Samtidig hadde den økonomiske utviklinga i Europa gjennom siste del av 1800- og tidleg på 1900-talet gjort det mogleg for fleire å spare opp pengar.