Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Crossings 200: Utvandrarjubileet 2025

I 2025 blir det markert at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika med skipet Restauration. Skipet segla frå Stavanger til New York. I tiåra som følgde, reiste mange hundre tusen nordmenn etter til Amerika.

Kven reiste med "Restauration"?

Skipet Restauration segla frå Stavanger til New York den 4. juli 1825. Denne første seglinga blir rekna som starten på den organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika.

Det var 45 passasjerar om bord. Dei var kvekarar, eller dei sympatiserte med kvekarane, og søkte trusfridom i Amerika. Kapteinen sjølv, Lars Larsen Geilane, var kvekar og leiar for gruppa. Dei andre var frå Tysvær og nokre andre byer i Rogaland, og kjende seg forfølgde i Noreg i ein periode der alle nordmenn var forplikta til å stå i statskyrkja. Dette var ikkje fattige menneske. Dei hadde sjølve skaffa pengar til å kjøpe fartøyet og forsyningar for reisa.

Jubileumsåret 2025

"Crossings 200" er ein del av Nasjonaljubileet 2030 – Noreg i tusen år, og temaet for utvandringsjubileet er migrasjon og identitet. I løpet av året skal dei ikkje berre sjå på den historiske utvandringa frå Noreg, men òg på dagens innvandring til Noreg.

Utvandringa frå Noreg skjedde frå veldige mange stader i landet. I vår tid er det mange, både barn og vaksne, som har opplevd å komme til Noreg frå eit anna land. Og når folk migrerer, altså flytter på seg, gjer det noko med identiteten.

Det er Norsk utvandrarmuseum som har hovudansvar for jubileet, men mange andre museum og institusjonar er med og har eigne arrangement. Kanskje finst det arrangement i lokalmiljøet ditt òg?

Tenk over

Utvandringsjubileet skriv: "Ett lands utvandrer er et annet lands innvandrer, da som nå. Hvordan kan vi sammenligne de to? Hva er likheter og forskjeller?"

Kva trur du? Kva kan likskapane vere mellom dei som utvandra til Amerika, og dei som kjem hit til Noreg frå andre land?

Utvandringa frå Noreg

800 000 nordmenn utvandra i perioden 1830 til 1920. Dei aller fleste utvandra til Amerika, mens nokon reiste til andre verdsdelar, som Australia og Sør-Amerika. Til Nord-Amerika reknar vi med at utvandringa skjedde i tre store bølger, særleg frå 1860-åra. I 1882 var det så mange som 28 000 menneske som emigrerte frå Noreg.

I byrjinga var utvandringa særleg stor frå fjordbygdene på Vestlandet og frå fjellbygder på Austlandet. Etter kvart som rykta om mogelegheitene i Amerika spreidde seg, blei det utvandring frå byane òg.

Kjelder

Myhre, J. E. (2025, 23. juni). Utvandring fra Norge. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1537-utvandring-fra-norge.html

Nerbøvik, J. (2025 4. juli). Utvandringa frå Noreg til Nord-Amerika. I Store norske leksikon. https://snl.no/Utvandringa_fr%C3%A5_Noreg_til_Nord-Amerika

Norsk utvandrermuseum. (u.å.). 200 år med norsk-amerikansk historie. Har vi egentlig lært noe? CROSSINGS 200 1825–2025. Norge & Nord-Amerika. Hentet 22. august 2025 fra https://utvandrermuseet.no/2025

Norsk utvandrermuseum. (u.å.). Restauration. CROSSINGS 200 1825–2025.Norge og Nord-Amerika. Hentet 22. august 2025 fra https://utvandrermuseet.no/2025/restauration

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist oppdatert 25.08.2025