Oppgåve
Befolkningsutvikling: flytting i lokalsamfunnet ditt
Korleis har befolkningsutviklinga i lokalsamfunnet ditt vore? I denne oppgåva skal du bruke ulike kjelder og opplysningar for å finne svar på spørsmåla.

Tenestefolk og gardeigarar på garden Stor-Stav i Ringsaker
Tips
Bruk folketeljingane som du finn på ssb.no eller digitalarkivet.no. Du kan velje å sjå på fylkesnivå (amt) eller kommunenivå (sokn).
Du kan også bruke gamle utgåver av lokalaviser og lokalarkivet sine kjelder – og skulebibliotekaren har sikkert fleire tips til korleis du kan gå fram.
Oppgåve 1.1800-talet
Korleis var befolkningsutviklinga i lokalsamfunnet ditt på 1800-talet?
- Samanlikn tala for ditt område med tala frå andre delar av landet.
Oppgåve 2.1900-talet
Korleis var befolkningsutviklinga på 1900-talet i det området du har valt?
Kva med dei siste tiåra – kva er trenden der du bur?
Oppgåve 3. Flytting
Bruk push- og pull-faktorar til å forklare kvifor folk har flytt til og frå lokalsamfunnet ditt.
Korleis har push- og pull-faktorane endra seg i lokalsamfunnet ditt frå 1800-talet til i dag?
Oppsummering
Samanfatt til slutt i klassen.