Opplysingstid og revolusjonar: Demokratiet blir utvikla
I relatert innhald nedst på sida finn du fleire aktuelle artiklar du kan bruke som kjelder i oppgåvene.
Oppgåve 1: Arven frå antikken
Sjå animasjonen Det athenske demokrati (lengde 2.51) nedanfor og svar på spørsmålet:
Kva kjenner du igjen frå det athenske demokratiet i vårt eige politiske system?
Oppgåve 2: Utviklinga av demokratiet
Sjå filmen Demokrati (lengde 6.48) nedanfor og lag ei skjematisk framstilling av dei mest framståande styreformene i Europa i:
antikken
mellomalderen
tidleg nytid
Oppgåve 3: Opplysingstid og revolusjonar
Opplysningsfilosofane var kritiske til det kongelege eineveldet og kravde nye styreformer med folkeleg medråderett.
Sjå filmen Opplysningstiden (lengde 12.22) nedanfor og formuler eit samandrag av kritikken og tankane til opplysningsfilosofane om eit meir demokratisk styre.
Oppgåve 4: Arven frå opplysingstida
Etter Napoleonskrigane vart mange av dei liberale tankane frå opplysingstida sette tilbake. Bruk artikkelen Arven frå opplysningstida og drøft utviklinga av demokratiet i Europa fram mot vår tid.

Relatert innhald
Sjølvstendekrigen mot Storbritannia enda med etableringa av USA og ei grunnlov etter ideane og prinsippa i opplysingstida.
I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.