Nasjon og nasjonalisme - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nasjon og nasjonalisme

Nasjon og nasjonalisme var sentrale omgrep gjennom 1800-talets Europa. Ei viktig nyansering er forskjellane mellom politisk nasjonalisme og kulturell nasjonalisme. Nasjonalismen verka både samlande og splittande i Europa på 1800-talet.

Nasjon

Omgrepet nasjon har fleire betydningar. I den politiske forståinga tok nasjonen utgangspunkt i ein stat som omfatta ei gruppe med felles identitet. I den kulturelle forståinga av omgrepet utgjorde nasjonen ei gruppe av menneske som delte ein felles kulturell identitet.

Behovet for ein nasjonal tilhøyrsel oppstod mellom anna som følge av den industrielle revolusjonen med aukande urbanisering, større marknader og utviklinga av kommunikasjonsmåtar som knytte by og land tettare saman.

Politisk nasjonalisme

I opplysningstidas Frankrike oppstod den politiske forståinga av nasjonalismen. Målet med revolusjonen var å avgrense konge- og adelsmakta og styrke . Dette var eit klart brot med hierarkia og privilegia frå standssamfunnet. Alle franskmenn som var lojale til idéane om fridom, likskap og brorskap, var per definisjon borgarar av nasjonen Frankrike, og ikkje lenger undersåttane til kongen.

Kulturell nasjonalisme

Under Napoleons okkupasjon av delar av dagens Tyskland oppstod ei meir kulturnasjonalistisk forståing av nasjonsomgrepet. Her var kulturelle særtrekk og eigenarten til folkegruppa det viktigaste. For tyskarane vart det derfor viktig å vise forskjellane frå okkupantane. Den tyske nasjonsforståinga bygde på idéen om at eit folk med felles språk og historie, og som delte ei rekke kulturelle særtrekk, var ein nasjon. I verste fall kunne eit omgrep som avstamming bli lagt til grunn for å definere kven som var tyskarar.

I nasjonalromantikken vart det følgeleg viktig å finne den opphavlege kulturelle eigenarten i landet. Språket, naturen og historia definerte folket og sette grenser mot folkegrupper med annan etnisitet.

I norsk historie kan den politiske nasjonsforståinga forankrast i 1814 og lojaliteten mot Grunnlova, mens den kulturelle forståinga blir knytt til nasjonalromantikken frå 1840-åra der eigenarten og folkesjela til nordmennene blir vektlagd.

Årsaker til nasjonalismen

Klikk på plussteikna for meir informasjon

Nasjonane veks fram

Wienkongressen i 1815 definerte maktbalansen i Europa. Sigerherrane etter Napoleonskrigane gjeninnførte prinsippet om at makta skulle ligge hos kongemakta og privilegerte grupper. Trass i dette vart krava om nasjonalt sjølvstende og folkesuverenitet sentrale kampsaker for europearar flest.

Nasjonalismen kan lett bli tilpassa politiske ideologiar. I første halvdel av 1800-talet var nasjonalisme og liberalisme to sider av same sak. Ulike folkegrupper kjempa for sjølvstyre, og nasjonane skulle baserast på folkesuverenitet og demokratiske institusjonar.

Revolusjonar og folkeopprør

Revolusjonane i 1830 og 1848 var prega av motstand mot forsøk frå kongemakt og adel på å avgrense folkets medråderett og individuelle rettar. I tillegg var fleire av opprøra i Europa prega av ulike folkegruppers ønske om sjølvstende.


Revolusjonane i 1830 og 1848

Klikk inn på kartet og sjå nokre utvalde revolusjonar og opprør.

Konservatisme og nasjonsomgrepet

I andre halvdel 1800-talet tok dei konservative kreftene kontroll over nasjonsomgrepet. No handla det ikkje om "talar og parlamentariske avgjerder, men om blod og jern", slik Preussens leier Otto von Bismarck formulerte det. Statsmakta brukte nasjonalistisk propaganda i aviser, i skulen og gjennom allmenn verneplikt for å vise nasjonal sjølvhevding. idéar vart òg lagde til i kappløpet om koloniar. Med det oppblåste, nasjonalistiske sjølvbiletet til stormaktene var vegen mot første verdskrigen kort.

Samlande og splittande

Nasjonalismen fungerte som samlande og splittande. Samlinga av Tyskland og Italia i 1860-åra var forankra i den konservative nasjonalismen der høvesvis Preussen og kongeriket Sardinia leidde samlingsprosessen. Delstatane var industrielt sterke og trong kontroll over nye marknader. Otto von Bismarck, Preussen, og Camillo Cavour, Sardinia, dreiv gjennom samlingane ved hjelp av eit sterkt militærapparat, nasjonalistisk propaganda og krigføring mot nabostatane. I 1871 vart det tyske keisarriket proklamert i spegelsalen i Versailles. Same år vart Kyrkjestaten innlemma i det nye kongeriket Italia.

For dei gamle imperia Austerrike, Russland og fungerte nasjonalismen som splittande. Rika bestod av ei rekke folkegrupper som kjempa for sjølvstende og sjølvstyre internt i rika. Først etter første verdskrigen fekk dei fleste folkegruppene lønn for strevet då ei rekke nye nasjonar vart sjølvstendige i Aust-Europa.

Nasjonalismen under fascismen

I mellomkrigstida tok fascistane kontroll over nasjonalismen som ideologi. Den tyske nasjonalsosialismen hadde som mål å samle etniske tyskarar på tvers av sosiale klassar i eit storgermansk rike. Nasjonalismen i den fascistiske utgåva stod langt frå opplysingstidas idéar om maktfordeling og folkesuverenitet. Då Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, vart andre parti forbodne og demokratiet sett til side. Fram mot utbrotet av andre verdskrigen vart alle sider ved det tyske samfunnet underlagde føraren og kontrollen til partiet, og den nasjonalsosialistiske propagandaen indoktrinerte det tyske folket fram til slutten av krigen i 1945.

Ragnar Vold (1906-67) var tidleg ute med å sjå kva den totalitære utviklinga gjorde med menneske i boka Tyskland marsjerer frå 1934:

"Demokrati uten politisk opplysning er som en by uten lys; borgerne famler i blinde. Og når det er mørkt, har man lett for å tro på politiske spøkelseshistorier."

Dette gjaldt ikkje berre i Tyskland. Den fascistiske tenkinga prega store delar av Europa i mellomkrigstida. Dei totalitære kreftene sette ei rekke demokrati ut av spel i forsøket på å løyse dei økonomiske og politiske problema i mellomkrigstida med eit totalitært politisk program.

Tenk over

Kva knyter du til omgrepet nasjonalisme i dag?

Kjelder

Relatert innhald

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022