Opplysingstid og revolusjonar: Demokratiet blir utvikla
Før du byrjar
I relatert innhald nedst på sida finn du fleire aktuelle artiklar du kan bruke som kjelder i oppgåvene.
Oppgåve 1: Arven frå antikken
Sjå animasjonen Det athenske demokrati (lengde 2:51) nedanfor og svar på spørsmålet:
Kva kjenner du igjen frå det athenske demokratiet i vårt eige politiske system?
Oppgåve 2: Utviklinga av demokratiet
Sjå filmen Demokrati (lengde 6:48) nedanfor og lag ei skjematisk framstilling av dei mest framståande styreformene i Europa i:
antikken
mellomalderen
tidleg nytid
Oppgåve 3: Opplysingstid og revolusjonar
Opplysningsfilosofane var kritiske til det kongelege eineveldet og kravde nye styreformer med folkeleg medråderett.
Sjå filmen Opplysningstiden (lengde 12:22) nedanfor og formuler eit samandrag av kritikken og tankane til opplysningsfilosofane om eit meir demokratisk styre.
Oppgåve 4: Arven frå opplysingstida
Etter Napoleonskrigane vart mange av dei liberale tankane frå opplysingstida sette tilbake. Bruk artikkelen Arven frå opplysningstida og drøft utviklinga av demokratiet i Europa fram mot vår tid.

Relatert innhald
Sjølvstendekrigen mot Storbritannia enda med etableringa av USA og ei grunnlov etter ideane og prinsippa i opplysingstida.
I opplysingstida vart det kongelege eineveldet utfordra av politiske tenkjarar som tok utgangspunkt i naturrett og folkesuverenitet.