Styrkar og svake sider ved kvantiativ metode

Opp gjennom historia var det først og fremst eliten som kunne skrive, og såleis hadde høve til å teikne ned eigne tankar eller røynsler for ettertida. Resten av folket kunne ofte ikkje skrive, og om dei kunne, vart det dei skreiv kanskje ikkje rekna som like verdifullt å ta vare på. Nettopp derfor veit vi langt meir om kva kongar tenkte og meinte enn om fattigfolk og opplevingane deira.
Innsikt
Kvantitative metodar kan hjelpe oss til å få betre innsikt i dei som ikkje sjølve har etterlate seg skriftlege spor. Med statistikk kan vi behandle kjeldemateriale som er vanskeleg å analysere kvalitativt. Typiske døme på slikt kjeldemateriale er oversikter som staten eller større institusjonar samla for å få oversikt over det dei administrerte. Desse er i praksis berre lange lister med namn og/eller tal, men med statistiske analysar kan dei fortelje historikaren mykje om samfunnet.
Skattelister og folketeljingar
Det vart laga skattelister for å ha oversikt over kven som skulle betale skatt, men dei viser også historikarar kven som hadde formugar og kor rike desse var. Folketeljingar vart laga for å få oversikt over folkemengda, dels med sikte på skattlegging, men også for å planleggje militær utskriving. Historikarar har brukt dei til å forstå grunnleggjande strukturar i historiske samfunn, slik som kva den vanlege familiestorleiken var, eller kor vanleg det var med ulike yrke.
Ein stor fordel med kvantitative metodar er at det ofte er lett å formidle resultata. Ein graf eller eit diagram kan enklare vise eit poeng enn om ein skal forklare med ord. Premissa som statistikken er basert på, er også ålment akseptert som logiske. Saman gjer desse det enklare å kommunisere på tvers av språk eller andre forskjellar.
Representativt utval
Med kvantitative metodar kan ein også hente ut representative utval av ei folkemengd. Dette er enormt arbeidssparande sidan ein slepp å gå gjennom kvart einskild datapunkt. I staden klarer det seg med eit mindre utval som likevel kan representere ein større heilskap. Om ein har datamateriale som strekkjer seg over tid, kan tidsseriar vise utvikling og endring. Den teknologiske utviklinga dei siste åra har også gjort det lettare å analysere store datamengder og å behandle og formidle materialet på nye måtar. Ein sit ikkje lenger med blyant og kalkulator, det held kanskje å klikke på ein knapp i eit dataprogram.
Kan vi stole på kjelda?
Før vi går i gang med ei historisk analyse, må vi vurdere om vi kan stole på kjeldematerialet vi skal bruke. Vi må til dømes vurdere om kjelda snakkar sant, eller kan rett ut lyg, eller om ting har vorte utelate anten med vilje eller ikkje.
Om vi til dømes arbeider med historiske skattelister, må vi gå ut frå at i alle fall nokre personar har halde formuar skjulte for å sleppe skattlegging. Sidan det var skatt på varehandel og skipsanløp, må vi nok også gå ut frå at dette er tilfellet for materiale vi finn i tollarkiva. Dette kan vi finne støtte for i kvalitative undersøkingar av rettsprotokollar som fortel om fleire tilfelle av skattesvik og smugling.
Det kan også oppstå situasjoner der vi rett og slett ikkje forstår kva noko i kjelda tyder. Det kan vere ord eller samfunnstilhøve som har vorte så endra over tid, at vi ikkje lenger kjenner dei. Ved slike tilfelle er det viktig å gjere klart det vier usikre på, ikkje berre det vi er sikre på. Om vi skal bruke datamateriale som andre har behandla, er det også eit poeng å vurdere om desse kan ha skrive av feil, eventuelt teke val som har gjort at kjelda har vorte mindre nøyaktig.
Er kjelda representativ?
Vi må også vurdere om kjeldene vi brukar, er representative. Det er særleg eit problem for historiske kjelder at ting ofte har gått tapt. Brann i arkiva, embetsmenn som har mist protokollar over bord under ein storm medan dei var på reise i distrikta sine, eller overivrig rydding som har føt til at ting har borte kasta. Ofte har rett og slett dårleg lagring resultert i at materialet har vorte øydelagt av mugg, eventuel, i varmare del av verda, vorte ete av termittar. Mange arkivarar fryktar at vi får eit problem i fremtida med at det digitale materialet i dag ikkje kan lesast av fremtidige historikarar med framtidige dataprogram. Folk og institusjonar kan også ha mist eller sletta arkiv og bevaringsverdig materiale når dei har bytt datamaskinar eller program. Vi kallar slike hol i arkivseriar for lakuner.
Statistiske kjelder er også avgrensa av at dei fortel avgrensa om nokre grupper. Eitt døme er folketeljingar der det lenge ikkje var vanleg å notere ned yrka til gifte kvinner. Yrka til menn vart derimot stort sett noterte. Ei slik skeivregistrering skjuler kvinnene sitt økonomiske bidrag til familien. Ved slike tilfelle må vi vurdere og diskutere kvar einskild kjelde, avgjere om vi kan bruke henne i analysen vi skal gjere, og tydeleggjere eventuelle atterhald.
Relatert innhald
Oppgavene tek utgangspunkt i lister over varer som kom til norske hamner i eit utvalt år gjennom 1700-talet og i 1835 og dessutan skipsanløpa.
Bruken av kvantitative metodar i historie breidde om seg særleg frå 1960- og -70-talet.