Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Om bruken av kvantitativ metode i historie

Kvantitativ metode er ein metode der vi bruker innsamling og analyse av større mengder data. I historiefaget handlar det til dømes om bruk av folketeljingar, kyrkjebøker og statistikk.

Mindre merksemd om "vanlege folk"

Bruken av kvantitative metodar i historie breidde om seg særleg frå 1960- og -70-talet. For mange historikarar var det òg ein reaksjon på den tradisjonelle historieskrivinga som først og fremst handla om elitar, "store menn", diplomati og politikk.

Det var desse gruppene og temaa som stort sett hadde etterlate seg skriftleg materiale. Dei hadde òg ofte blitt sentrale i forteljingane eit land eller ei gruppe hadde om seg sjølve. Slik hadde dei blitt førstevalet for mange historikarar å skrive om.

Meir "vanlege folk" og andre sider av samfunnet enn dei politiske, hadde fått langt mindre merksemd. Dels fordi dei hadde etterlate seg færre kvalitative spor, og slik vore vanskelegare å skrive historia til. Dels var det også politiske straumdrag i Vest-Europa som inspirerte ein ny forskingsagenda. Denne ville vite meir om historia til fleire grupper i samfunnet og fleire sider av ulike samfunn. Slik vaks det fram historie om til dømes arbeidarar, kvinner, barn eller innvandrarar, og om tema som økonomisk og sosial utvikling.

Kvantitative metodar blei viktige

For å få innsikt i dei nye gruppene og temaa måtte historikarane vende seg til nye kjelder, og for mange vart også kvantitative metodar viktige. Desse gruppene og temaa hadde ofte ikkje etterlate seg særleg med direkte spor i form av til dømes brev eller dagbøker. Løysinga vart derfor å bruke kjelder som kyrkjebøker, folketeljingar eller skattelister, som berre indirekte fortel om dei nye gruppene eller temaa. Ved å arbeide vidare med desse med ulike verktøy vart det mogleg for historikarane å hente ut ny informasjon om dei nye forskingsområda.

Statistikk var, og er framleis, eit nyttig verktøy i det vidare arbeidet med mange av desse kjeldene. Kyrkjebøker som listar opp kva tid folk vart døypte, gifte og gravlagde, gav, med bruk av gjennomsnitt, innsikt i levealder og familiestorleik. Frå folketeljingar vart det mogleg å finne frekvensen av ulike yrke både nasjonalt og i lokalsamfunn. Rekneskapsprotokollar for institusjonar som fattighus eller fengsel avslørte kva slags og kor mykje mat innsette fekk. Tollprotokollar kunne vise om og korleis lokalsamfunn deltok i varehandel, ved at ein rekna ut varemengder og skipstrafikk og heldt dette opp mot nasjonale tal.

Relatert innhald

Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt.
Sist oppdatert 22.09.2025