Kvalitativ og kvantitativ metode - Historie (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitativ og kvantitativ metode

Når du skal bruke kjelder i historiefaget, er det viktig å vite noko om kva slags metodar historikarar brukar. Her skal vi sjå på skilnadene på kvalitativ metode og kvantitativ metode, og korleis desse kan brukast i historie.

Kvalitativ metode

Kvalitativ metode i historiefaget betyr å gå i djupna når ein skal analysere til dømes personar, statar og institusjonar. Historikarane bruker som oftast då dokument, brev eller andre tekstar. Dei analyserer desse kjeldene for mellom anna å finne svar på årsaker til hendingar.

Vanlegvis forklarer vi kvalitativ metode som ein metode basert på intervju og deltakande observasjon. Det er ikkje alltid like aktuelt i historie sidan historikarane forskar på noko som er avslutta. Vi kan altså ikkje spørje aktørane eller deltakarane. I samtidshistorie, altså nyare tid, kan vi derimot òg bruke intervju som metode.

Ulempa med kvalitativ metode er at materialet ofte berre fortel frå ståstaden til ein eller nokre få personar. Dette gjer det vanskeleg å trekke allmenne konklusjonar for fleire enn akkurat dei det gjeld.

Fordelane er mellom anna at vi kan få meir inngåande innsikt i motivasjonar og drivkrefter bak handlingane til enkelte personar.

Kvantitativ metode

Kvantitativ metode i historiefaget inkluderer studier av blant anna folketellinger, kyrkjebøker og historisk statistikk.

Kvantitative metodar bruker tal og einingar som kan målast, som utgangspunkt for analysar. Eit sentral verktøy er statistikk, og resultata blir gjerne framstilte i tabellar, grafar eller andre statistiske framstillingar. Kvantitative metodar kan gjere det mogleg å få meir overordna kunnskap om større grupper.

Ulempa med kvantitative metodar er at dei kan gi for generelle bilete, og at det kan vere veikskapar i datamaterialet som blir usynlege i mengda og analysen.

Fordelen med denne metoden er at han kan gi eit meir overordna bilete av situasjonen vi undersøker. I begge tilfella er det viktig å kjenne til sterke og svake sider i kjeldematerialet vi bruker.

Relatert innhald

Skrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 23.10.2024