Treng vi kosttilskot? - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Treng vi kosttilskot?

Nordmenn bruker 2,5 milliardar kroner årleg på kosttilskot. Men treng kroppen eigentleg desse ekstra vitamina og minerala, eller held det med eit variert kosthald?

Spørjeundersøking om bruk av kosttilskot

  1. Lag eit skjema med fem til ti spørsmål de vil finne svar på. Spørsmåla kan handle om

    • haldningar til kosttilskot

    • ulike typar kosttilskot

    • utgifter til kosttilskot

    Det bør òg vere med innleiande spørsmål om alder, kjønn, utdanningsprogram og andre faktorar de ønsker å bruke for å samanlikne resultata.

  2. Gjennomfør undersøkinga i to eller fleire klassar på skulen slik at de kan samanlikne resultata de får. Informer deltakarane om at det er frivillig å delta, og om korleis de vil behandle informasjonen de får inn.

    1. Er det nokon forskjell på klassar ved ulike utdanningsprogram?

    2. Er det variasjon i svara mellom klassar med ulik samansetjing av kjønn?

  3. Gjennomfør den same undersøkinga blant dei tilsette på skulen. Korleis er resultata i denne gruppa samanlikna med svara frå elevane?

  4. Presenter resultata dykkar i klassen saman med ein digital plakat med forslag til måltid som kan gi naturleg tilskot av dei ulike vitamina og minerala.

Relatert innhald

Fagstoff
Matvaregruppene

Matvarene blir delte inn i grupper etter som kva slags næringsstoff dei inneheld og type matvare det er.

Fagstoff
Næringsstoff

Her får du ei oversikt over dei mest kjende næringsstoffa, kva hovudfunksjonar dei har, og kva matvarer som er gode kjelder.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2022