Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Salt

Salt (natriumklorid (NaCl)) er viktig for mange av funksjonane til kroppen, og det er nødvendig for at kroppen skal fungere optimalt. Det bidreg til smak, konsistens og konservering av mat. Eit høgt saltinntak kan likevel føre til at vi får i oss meir salt enn det som blir rekna som bra for helsa.

Salt i maten

Salt forsterkar smaken på maten og er eit naturleg konserveringsmiddel. Det er derfor tilsett salt i mange av dei matvarene vi kjøper.

Helsestyresmaktene reknar med at vi får i oss 8–10 gram salt dagleg, det er omtrent det doble av kva som er tilrådd for å ha ei god helse. Helsedirektoratet tilrår at vaksne personar avgrensar saltinntak til 5,75 gram per dag.

Mykje av saltet i norsk kosthald kjem frå industriomarbeidde matvarer som halvfabrikat og ferdigmat. I tillegg kjem saltet vi tilset under matlaging og på tallerkenen.

Det er obligatorisk å merke matvarer med innhaldet av natrium (salt). Ved å lære deg å lese næringsinnhaldet på maten du kjøper, får du vite kor mykje salt eit produkt inneheld per 100 gram. Dermed blir det enklare å ta sunne val.

Tillaging av mat for andre

Mat laget frå botnen av er ofte eit betre alternativ når vi skal avgrense saltinntaket. Skal du lage mat for andre, er det viktig at du bruker ingrediensar som ikkje inneheld for mykje salt.

Ved å bruke reine råvarer kan du avgrense saltinntaket. Det er mange grønsaker, urter og krydder som gir gode smakar, som lauk, kvitlauk, chili, pepar og friske urter som basilikum, timian, koriander, oregano og ingefær. Sitron og lime og ulike typar eddik, som kvitvinseddik, kryddereddik og balsamicoeddik kan òg brukast i staden for salt.

Kryddermiksar som grillkrydder, aromat, buljong og dipmiksar inneheld gjerne mykje salt. Lag heller kryddermiksar sjølv med reine krydder, det gir deg betre oversikt over saltinnhaldet.

Barn skal ha lite salt i maten. I løpet av det første leveåret til barnet bør du unngå å tilsetje salt i maten til barnet og ikkje gi dei matvarer med høgt saltinnhald, som salt snacks. Barnets nyrer er enno ikkje fullt utvikla, og dei kan derfor ikkje regulere saltbalansen tilstrekkeleg. Hos barn i alderen 1 til 10 år bør saltinntaket avgrensast til 2,75–4,25 gram per dag. Ved å avgrense saltinntaket hos barn kan vi unngå at dei venner seg til eit kosthald med mykje salt, og vi sikrar gode matvanar og ei sunn utvikling.

Vel produkt merkte med Nøkkelhullet, for desse varene skal ikkje ha eit høgt innhald av salt.

Salt og helse

Salt bidreg til å regulere væskebalansen. Det regulerer òg syre- og basebalansen i kroppen og sørger for at nervar og musklar fungerer som dei skal. Under normale forhold og med eit variert kosthald får kroppen tilført tilstrekkeleg salt gjennom maten. Mykje salt i maten kan føre til at vi får i oss meir salt enn det som blir rekna som sunt.

Eit høgt saltinntak bidreg til auka blodvolum fordi salt bind væske i kroppen, og dermed blir det høgare trykk i pulsårene. Over tid kan dette føre til høgt blodtrykk. Høgt blodtrykk kan skade blodårene og bidra til sjukdommar som hjarteinfarkt, hjerneslag, augeforandringar og nyreskadar. Personar med høgt blodtrykk blir tilrådd å ete kost med lågt saltinnhald.

For lite salt (stort tap av natriumklorid) kan oppstå ved ekstrem sveitte, kraftig diaré/oppkast eller store forbrenningar. Helsedirektoratet tilrår då å få i seg nok væske saman med litt salt mat som til dømes salte kjeks eller brød for å erstatte saltstoffa ein mister.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det så viktig å redusere saltinnhaldet i kosten?
  2. Gi døme på korleis du kan redusere saltinnhaldet i kosten.
  3. Kvifor bør vi vere ekstra merksame på saltinnhaldet i kosten til små barn?

  4. Gå saman i grupper og finn oppskrifter der de reduserer saltinnhaldet. Bruk tips frå det de har lese, og dykkar eigen kreativitet når de forandrar oppskriftene. Lag matrettane og vurder resultatet.

Kjelder

Arnesen, E. (2023, 19. januar). Mindre salt er bedre for hjertet. LHL. https://www.lhl.no/matoppskrifter/kostrad-og-ernaring/mindre-salt-er-bedre-for-hjertet/

Haraldsen, H., Waaler, B. A. & Pedersen, B. (2024, 26. november). natriumklorid. https://snl.no/natriumklorid

Helsedirektoratet. (2022, 16. juni). Å starte med fast føde til barnet. Helsenorge. https://www.helsenorge.no/spedbarn/spedbarnsmat-og-amming/fast-fode-til-babyen/

Helsedirektoratet. (2024, 4. desember). Kapittel 2.3 – Vitaminer og mineraler. Referanseverdier for energi og næringsstoffer. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/referanseverdier-for-energi-og-naeringsstoffer/anbefalinger-om-energi-og-naeringsstoffer-ved-planlegging-av-kosthold/vitaminer-og-mineraler

Helsedirektoratet. (2024, 15. august). Kostråd og næringsstoffer: Nasjonale faglige råd. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer

Skrive av Siv Stai.
Sist oppdatert 20.03.2026