Fagstoff
Video
Poteter, pasta og ris
Poteter, pasta og ris er ein del av det daglege kosthaldet for dei fleste nordmenn. Desse matvarene inneheld mykje karbohydrat og lite feitt. Dei gir oss mineral, og i poteter er det i tillegg ein del vitamin C.

Poteter
Du kan lage mykje godt av poteter, og ho høyrer med i eit sunt og variert kosthald.
- kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
- kan vere økologiske eller ikkje
- kan ha ulikt næringsinnhald avhengig av årstid, lagring og tillaging
- har ei særstilling i det norske kosthaldet
kan etast som eigen rett, men blir som oftast brukt saman med kjøtt eller fisk
Film om potet
I den korte filmen under kan du lære meir om potet og få tips til korleis ho kan bli laga til og servert.
Du kan lage mykje godt av poteter, og poteta er ein del av eit sunt og variert kosthald. Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0
Pasta
- er ofte laga av kveitemjøl eller durumkveite
- blir òg laga av fullkornsmjøl
- er ein vanleg del av det norske kosthaldet
- er ein typisk del av kosthaldet i middelhavslanda

Ris
Ris finst i mange variantar, som
- polert ris
- naturris
- villris
- ulike typar uraffinert ris
Tips
Kok potetene med skalet på, og bruk fullkornspasta og upolert ris. I tallerkenmodellen utgjer desse matvarene ein fjerdedel, saman med havregryn og brød.
Utfordringar til deg
- Kvifor bør poteter, pasta og ris vere ein del av den daglege kosten vår?
- Bruk Matvaretabellen for å finne ut korleis næringsinnhaldet i poteter varierer etter korleis dei blir laga til. Kva kan du lære av dette?
- Finn oppskrift på ein potetrett som du prøver ut på kjøkkenet heime eller på skulen.
- Kva typar ris og pasta bør du velje? Grunngi valet.
Relatert innhald
Kostråd om frukt og grønt
Nettside hos helsenorge.no
Kosthåndboken
Nettside hos helsedirektoratet.no