Hopp til innhald
Oppgave

Podkast: Sosiale forskjellar

I podkastepisoden om sosiale forskjellar møter du to personar som har vakse opp i trongare kår enn dei fleste andre her i landet. Oppgåva inneber både forarbeid og etterarbeid.

Forarbeid

  1. Kva er det største problemet med å vekse opp utan å ha god råd, trur du?
  2. Skriv ned nokre stikkord på korleis du trur samanhengen er mellom sosiale forskjellar og utanforskap.

Lytt til podkastepisoden før du jobbar med resten av oppgåvene.

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av lyd. Prøv å laste inn sida på nytt.

Etterarbeid

  1. Diskuter om materielle gode er viktig for ei kjensle av å vere innanfor.
  2. Korleis kan det å vekse opp med lite pengar skape utryggheit?
  3. Kva meiner Malin med at det er tabu å snakke om sosiale forskjellar? Drøft om du meiner det er sånn, og kva som kan gjerast for at fleire tør å snakke om det, slik Malin og Rebekka gjer.
  4. I kva situasjonar trur du folk på din alder med dårleg råd kan føle seg utanfor? Kva kan du/de gjere for å unngå slikt utanforskap? Diskuter gjerne i grupper.