Lag bok om grunnleggande behov - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag bok om grunnleggande behov

Her kan du lage di eiga bok om dei grunnleggande behova. Ver kreativ! Kombiner tekst med bilete, lyd, teikningar, lenker til filer eller nettsider.

Lag ei bok

Lag ei bok om dei grunnleggande behova våre. Her kan du òg forklare korleis vi best kan hjelpe og støtte andre i å vareta behova sine.

Bruk eit eigna verktøy for å lage digitale bøker. Ver merksam på at nettsider som krev pålogging, kan samle inn informasjon om brukarane.

Innhald i boka

Forslag til kva som skal vere med i boka:

  • framside med bilete/illustrasjon, tittel, forfattar og årstal

  • innhaldsliste

  • hovuddel

    • Ta med informasjon om dei ulike grunnleggande behova med bilete og illustrasjonar.

    • Fortel om korleis vi på best mogleg måte kan vareta dei ulike behova.

    • Vel eitt av yrka innan helse- og oppvekstfag, og beskriv korleis du i dette yrket kan legge til rette for og vareta dei grunnleggande behova til andre.

    • Ver kreativ: Bruk fargar, bilete, illustrasjonar, videoar, lyd/musikk, lenker.

  • bakside med ei kort oppsummering av hovuddelen og kanskje eit bilete av forfattaren

Del gjerne boka med medelevar og læraren din.

Relatert innhald

Fagstoff
Omsorg

Omsorg er noko som skjer i relasjonen mellom menneske. Det er noko du kjenner, og det handlar om å dekke både fysiske og psykiske behov hos ein annan.

Oppgåver og aktivitetar
Kva spor legg du igjen etter deg?

Dagleg legg vi igjen mange spor etter oss. Det gjeld i aller høgaste grad digitale spor. Finn ut kva for nokre digitale spor du legg igjen kvar dag.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2022