Dei grunnleggande behova våre - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dei grunnleggande behova våre

Ein yrkesutøvar i helse- og oppvekstsektoren skal kunne hjelpe, støtte og rettleie andre menneske til å vareta de grunnleggande behova til den enkelte.

Det er mange behov vi treng å dekke for å få god helse. Vi menneske treng å få tilfredsstilt både dei fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og eksistensielle behova våre for å ha det bra.

Fysiske behov

Dei fysiske behova må tilfredsstillast for at vi skal leve. Måten vi dekker desse på, påverkar helsa vår.

Ernæring, mat og drikke

Vi treng mat og drikke for å leve, og å ete sunt og variert bidreg positivt for helsa. Ernæring og kosthald har noko å seie for vekst og utvikling i fosterliv, spedbarnsalder og barne- og ungdomsåra. Det kosthaldet vi har tidleg i livet, påverkar òg helsa vår som vaksen og som eldre. Eit godt kosthald kan redusere risikoen for utvikling av ikkje-smittsame sjukdommar som kreft, hjarte- og karsjukdommar og diabetes type 2.

Usunt kosthald er blant dei viktigaste risikofaktorane for sjukdom og for tidleg død. Eit sunt kosthald som gir energi til å gjennomføre dei daglege gjeremåla, er nødvendig for alle, både barn, vaksne og eldre. Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt, fisk og sjømat og avgrensa mengder omarbeidd kjøtt, raudt kjøtt, salt og sukker.

Når du skal arbeide med menneske, er det nødvendig at du kjenner til Helsedirektoratets kostråd og bruker desse for å sikre andre nødvendig ernæring.

Søvn og kvile

Vi treng søvn for å fungere godt i kvardagen. Behovet for søvn er individuelt. Anbefalt søvnmengde for vaksne er 7–9 timar kvar natt, mens hos tenåringar (mellom 14 og17 år) er tilrådd søvnmengde 8–10 timar kvar natt. Hos barn er tilrådd søvnmengde høgare.

Vi kan seie at kroppen og hjernen reparerer seg sjølve når vi søv. Vi omarbeider dagens opplevingar. Søvn er nødvendig for at kroppen og hjernen skal fungere godt, og det kan bidra til å styrke immunforsvaret og bygge opp att vev og organ. Søvn gir hjernen kvile og påverkar evna vår til å regulere og kjenne igjen kjensler. I tillegg påverkar søvn læring, minne og konsentrasjon.

Fysisk aktivitet

Alle, både barn, vaksne og eldre, bør vere i fysisk aktivitet dagleg. Fysisk aktivitet gir meir energi og reduserer stress. Det gir betre humør og søvn og kan førebygge enkelte psykiske plager. Fysisk aktivitet blir ofte brukt som førebygging og del av behandlinga av ulike lidingar.

I mai 2022 kom Helsedirektoratet med nye tilrådingar om fysisk aktivitet, med meir nyanserte råd for barn, vaksne og eldre. I arbeid med menneske må du kjenne til desse råda. Når du planlegg og gjennomfører aktivitetar for å fremme god helse hos andre, må du sørge for at aktivitetane ligg så tett opp til desse tilrådingane som mogleg.

Personleg hygiene og eliminasjon

For å førebygge infeksjonar og styrke motstandskrafta til kroppen må vi vareta den personlege hygienen. Vi har òg behov for å kvitte oss med avfallsstoff. Dette gjer vi gjennom urinering, eliminasjon og sveitte.

God hygiene kan bidra til at vi unngår smitte og sjukdom, og det fremmar velvære og god helse. I ulike fasar i livet kan menneske ha behov for hjelp, støtte eller rettleiing til å vaske og stelle heile kroppen, inkludert det å pusse tenner. I tillegg kan ein i ulike fasar ha behov for hjelp, støtte og rettleiing til eliminasjon.

Når vi skal vareta behova til andre for personleg hygiene og eliminasjon, må vi planlegge og gjennomføre arbeidet slik at vi varetek verdigheita til den andre uansett alder og funksjonsnivå.

Trygge fysiske omgivnader

For å unngå skade er det nødvendig med trygge omgivnader, der alle kan oppleve ro og sjølvstende. Vi må sikre omgivnadene slik at vi kan unngå skade hos alle menneske, òg dei med nedsett funksjonsevne.

Psykiske behov

Psykiske behov er behova som må dekkast for at vi skal kjenne oss vel og ha det bra med oss sjølve. Korleis desse behova blir tilfredsstilte, påverkar korleis vi tenker både om oss sjølve og om andre, og korleis vi tenker om oss sjølve i møte med andre. I tillegg har dette samanheng med korleis vi møter og taklar utfordringar i kvardagen. Måten vi dekker dei psykiske behova på, påverkar dermed helsa vår.

I dei psykiske behova inngår òg det å ha gode relasjonar til andre menneske og oppleve sjølvstende og meistring. Vi har behov for å kunne utnytte ressursane våre og meistre vårt eige liv. Når dei psykiske behova blir dekte, vil vi oppleve å vere tilfredse og fornøgde. Vi får ei "grunnro", der pulsen er låg, og vi pustar roleg, utan stress.

Tryggleik

Vi har behov for gode og trygge relasjonar der vi opplever kjærleik frå eit anna menneske og kan uttrykke tankane og kjenslene våre fritt og ope. Vi har behov for at andre skal like oss akkurat slik vi er, og at dei vil oss vel.

Eit trygt miljø er der vi blir møtte med anerkjenning, respekt og tillit. Det skaper tryggleik når vi kjenner at vi blir sett, bekrefta og tekne hand om når vi har det vanskeleg. Vi kjenner at nokon vi set pris på, likar og er glad i oss. Tankar og kjensler blir regulerte best i omgivnader som er trygge, føreseielege og anerkjennande.

I arbeid med menneske må du jobbe for å skape gode relasjonar til dei du møter, slik at dei opplever at det er trygt og godt å vere saman med deg.

Positivt sjølvbilete

Vi har alle eit grunnleggande behov for å bli sett og lytta til slik at vi kjenner oss stadfesta og verdifulle. Å utvikle eit godt sjølvbilete og god sjølvkjensle handlar om å akseptere seg sjølv slik du er, med manglane dine. For å utvikle eit godt sjølvbilete treng vi å bli sett og få stadfesta at vi er gode nok akkurat slik vi er. Kjærleik, anerkjenning, respekt og tillit bidreg til at vi tenker positivt om oss sjølve, og til å gi eit trygt og stabilt sjølvbilete.

Sjølvtillit er nært knytt til sjølvbilete. Det handlar om trua på eigne evner. Eit positivt sjølvbilete kan òg påverke sjølvtilliten vår slik at vi tør å utforske og prøve noko nytt, sjølv om vi veit at vi kan feile.

Når du skal jobbe med menneske, skal du bidra til å styrke sjølvbiletet til andre. Vis at du liker dei akkurat slik dei er, slik at dei kjenner seg verdifulle. Hjelp dei med å fokusere på det som er bra, og gi positiv respons.

Sjølvbestemming (autonomi)

Alle menneske har behov for å handle, tenke og bestemme sjølv. Vi ønsker å meistre og klare oss sjølve og vere sjølvstendige. Fridom til å velje sjølv og gjere ting på sin eigen måte, og å klare det, fremmar motivasjon og læring.

I arbeid med menneske må du legge til rette slik at den enkelte har fridom til å ta eigne val. Du må tilpasse hjelp og støtte til alder, evnar og funksjonsnivå på ein slik måte at dei du skal hjelpe, opplever sjølvbestemming og meistring og kan fungere godt ut frå føresetnadene sine. Det bidreg til å auke sjølvtilliten deira.

Meiningsfylte aktivitetar eller arbeid

Vi har behov for å kunne utnytte ressursane våre og meistre vårt eige liv. Vi treng å gjere noko som vi sjølve eller andre har glede eller nytte av. Aktivitetar der vi kan vere kreative, gir oss moglegheit til utvikling og kan lære oss nye ting. Vi kan òg oppleve glede og stoltheit over eiga meistring og utvikling gjennom slike aktivitetar.

Alle treng å engasjere seg i noko slik at hjernen blir utfordra og halden aktiv. Når vi skal legge til rette for andre, er det lurt å bygge på interessene til den enkelte og skape nysgjerrigheit for nye ting å gjere og lære.

Humor og glede

Vi treng humor og glede i kvardagen. Det å tøyse og le frigir krefter, skaper energi og fremmar kreativitet. Det kan òg gi oss lyst til å jobbe meir slik at vi lære betre.

Humor og latter skaper kontakt og samhøyr og bidreg dermed til eit betre forhold mellom menneske. Samtidig gir humor og latter gode kjensler, dempar stress, førebygger sjukdommar som til dømes depresjon, styrker immunforsvaret, aukar smerteterskelen og førebygger tidleg død.

Sosiale behov

Vi er sosiale heilt frå fødselen av. Vi har behov for å kjenne tilhøyrsel, ha gode relasjonar til andre og bety noko for andre. Vi har òg behov for å oppleve at vi er ein del av ein fellesskap der vi opplever nærleik og kjærleik og får anerkjenning, respekt og stadfesting på oss sjølve.

Gode relasjonar til andre og sosial kontakt bidreg til å senke stressnivået vårt. Det å vite at vi har støtte frå andre, bidreg til å skape ro og glede i kvardagen. Gode relasjonar kan gjere oss betre i stand til å takle det som er vanskeleg. Når vi òg kan gjere noko for andre, bidreg det til ei lykkekjensle hos oss.

Når du skal hjelpe andre med å legge til rette for dei sosiale behova, treng du kunnskap om livssituasjonen deira og behova dei har for sosial kontakt.

Åndelege og eksistensielle behov

Kva er viktig for oss? Det handlar om at vi har behov for å finne ut kva som er viktig for oss sjølve, slik som forholdet til oss sjølve, familie, venner, arbeid, ting, naturen, kunst og kultur, etikk og moral og sjølv livet.

Vi har behov for å søke etter ein samanheng i livet og å prøve å forstå kva det er å vere eit menneske. Det handlar om kva som er viktig og mest verdifullt for oss, og kva som gir meining i livet. Det handlar òg om å søke etter svar på spørsmål om liding og død, skuld og skam, fridom og ansvar, glede og livsmot.

Nokon har behov for å forankre svara og haldepunkta sine i religion og livssyn. Det inneber ei tru eller søken mot ei høgare makt eller noko utanfor erfaringsverda vår, noko som blir oppfatta som heilagt, altså eit religiøst livssyn. Det er òg mange som forankrar slike spørsmål i eit ikkje-religiøst livssyn.

For oss menneske er det viktig å bli høyrt og forstått på dette. I arbeid med menneske må vi derfor ha kunnskap om og vise respekt for dei åndelege og eksistensielle behova til andre menneske. Vi må forstå at behova er individuelle og varierer ut frå mellom anna kultur, tru og personlege ønske.

Utfordringar til deg

  1. Kva er dei grunnleggande behova til eit menneske?

  2. Korleis varetek du dine eigne grunnleggande behov?

  3. Korleis kan du som fagarbeidar hjelpe eit anna menneske med å vareta dei grunnleggande behova?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2017, september). Sov godt – Gode råd for bedre søvn. [Brosjyre]. https://www.helsedirektoratet.no/brosjyrer/sov-godt-gode-rad-for-bedre-sovn/sov%20godt%20%E2%80%93%20Gode%20r%C3%A5d%20for%20bedre%20s%C3%B8vn%20brosjyre.PDF

Helsedirektoratet. (2019, 14. oktober). 2.6. Åndelege og eksistensielle utfordringer. Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen. https://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/palliasjon/kjennetegn-og-utfordringer-ved-palliasjon/%C3%85ndelige-og-eksistensielle-utfordringer#Retningslinjerfor%C3%A5ndeligomsorg

Helsedirektoratet. (2021, desember). Utviklingen i norsk kosthold (IS-3020). https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/utviklingen-i-norsk-kosthold/utviklingen%20i%20norsk%20kosthold%202021%20%E2%80%93%20Kortversjon.PDF

Helsedirektoratet. (2022, 9. mai). Nye råd om fysisk aktivitet og stillesitting – hvert eneste minutt teller. https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/nye-rad-om-fysisk-aktivitet-og-stillesitting--hvert-eneste-minutt-teller

Psykologisk. (2020, 31. januar). Derfor er humor gull verdt på jobb. https://psykologisk.no/2020/01/derfor-er-humor-gull-verdt-pa-arbeidsplassen/

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2022