Fysisk aktivitet
Oppgåve 1: Diskuter
Kva er fysisk aktivitet?
Kvifor er det viktig å vere fysisk aktiv?
Oppgave 2: Sjå film og diskuter
Sjå filmen (lengde 5:27) og diskuter spørsmåla under:
Kva for positive effektar har regelmessig fysisk aktivitet?
Fysisk aktivitet kan ha mange positive effektar på hjernen. Kva for positive effektar har de sjølv merka?
Mange ungdommar sluttar med idrett og fysisk aktivitet i 15–16-årsalderen. Kvifor trur de så mange sluttar?
Kva kan vi gjere for at fleire ungdommar skal vere meir fysisk aktive?
I kva situasjonar har de indre motivasjon, og korleis opplever de det? Gi konkrete døme.
Kvifor kan det vere viktig med indre motivasjon viss de ønsker å bli meir fysisk aktive?
Oppgåve 3: Aktivitetstips
I det interaktive skjemaet under er det foreslått åtte aktivitetar. Kva for nokon er viktigast for deg? Plasser dei i ei prioritert liste frå 1 til 5. Du kan òg foreslå eigne aktivitetar og prioritere desse. Til slutt skal du gi ei kort grunngiving for kvifor dei to aktivitetane du har plassert på topp, er viktigast for deg.