Rehabilitering etter hjerneslag - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Rehabilitering etter hjerneslag

Rehabilitering etter hjerneslag skal starte så tidleg som mogleg for å førebygge komplikasjonar og få tilbake tapt funksjon. I denne oppgåva skal de først repetere viktige omgrep og deretter lage instruksjonsfilmar for yrkesgrupper som jobbar med pasientar med hjerneslag.

1. Test deg sjølv

Kan du desse omgrepa?

Sjukepleie ved hjerneslag

2. Instruksjonsfilmar om hjerneslag

Jobb saman i grupper på fire eller fem elevar. Ein av dykk er pasient, to er helsefagarbeidarar og ein eller to er filmprodusentar. Byt roller undervegs slik at alle på gruppa er med i filmen.

Vis filmane i klassen, og etter kvar film kan de gi kvarandre tilbakemeldingar på fagleg innhald.

Oppdragsskildring

Kvar gruppe lagar ein instruksjonsfilm om temaet sitt. Filmen skal kunne brukast til opplæring av ulike yrkesgrupper som jobbar med pasientar som har hatt hjerneslag. I tillegg til kompetanse om hjerneslag er det viktig at de viser tverrfagleg kompetanse og har med døme på god kommunikasjon, brukarmedverknad, ergonomi og hygiene.

Gruppe 1

Ta utgangspunkt i fagartikkelen Leie og mobilisering for pasientar med hjerneslag og instruksjonsfilmen om ergonomi i arbeidet. Lag ein instruksjonsvideo der de demonstrerer sideleie, ryggleie og snuing av ein pasient som har hatt hjerneslag. De kan òg bruke andre kjelder, men hugs å gi opp kva kjelder de har brukt.

Gruppe 2

Ta utgangspunkt i fagartikkelen Leie og mobilisering for pasientar med hjerneslag og instruksjonsfilmen om ergonomi i arbeidet. Lag ein instruksjonsvideo der de demonstrerer forflytting av ein pasient med halvsidig lamming frå seng til rullestol, frå rullestol til lenestol og frå rullestol til seng.

Gruppe 3

Ta utgangspunkt i fagartikkelen Sjukepleie ved hjerneslag, og lag ein instruksjonsvideo der de demonstrerer rehabilitering etter hjerneslag igjennom ADL-trening i morgonstell, måltid og fysisk aktivitet.

Gruppe 4

Ta utgangspunkt i fagartiklane Sjukepleie ved hjerneslag og Kommunikasjon med menneske med språkforstyrringar. Sjå òg på filmen om afasi og kommunikasjon. Lag ein instruksjonsvideo der de demonstrerer viktige prinsipp og hjelpemiddel for kommunikasjon med pasientar som har afasi etter hjerneslag.

3. Refleksjon i klassen

  1. Korleis trur de den psykiske helsa blir påverka av eit akutt hjerneslag?

  2. Korleis blir kvardagen til familien og andre pårørande påverka av at ein av deira næraste får hjerneslag?

  3. Kva kan de som helsefagarbeidarar gjere for å auke kvardagsmeistring for menneske som har gjennomgått hjerneslag, og for dei pårørande?

Relatert innhald

Fagstoff
Brukarmedverknad

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

Fagstoff
Kva er psykisk helse?

Kva er psykisk helse? Kva påverkar den psykiske helsa di , og kva er sambandet mellom psykisk og fysisk helse?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023