Afasi og kommunikasjon - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Afasi og kommunikasjon

Afasi er språkvanskar etter sjukdom eller skade i hjernen. Personar med afasi kan ha problem med å forstå talespråk, snakke, lese, skrive og det å bruke gestar. Nokon kan ha vanskar på alle områda, og nokon kan ha vanskar på enkelte område. Afasi påverkar kommunikative og sosiale ferdigheiter.

Oppgåver

  1. Forklar med eigne ord omgrepet afasi.

  2. Finn ut kva som er forskjell på motorisk afasi (ekspressiv afasi) og sensorisk afasi (impressiv afasi).

  3. Forklar korleis afasi kan påverke livet og livskvaliteten til eit menneske og til dei rundt.

  4. Kva kan du gjere for å skape eit afasivennleg kommunikasjonsmiljø?

  5. Beskriv korleis du vil gjennomføre ein støttande samtale med ein person med afasi der målet er auka kommunikasjon.

  6. Kva hjelpemiddel finst til bruk i kommunikasjon med ein person med afasi?

  7. Kva betyr det at du skal snakke vanleg til ein person med språkvanskar?

Øvingar

Gi tid, det er det viktigaste rådet når du snakkar med ein med afasi. Det gjeld når du snakkar til personen, men er vel så viktig når du ventar på svar.

Øving 1. Snakk saman – vent med å svare

Jobb i par. Snakk saman, men vent litt lenger med å svare enn de normalt ville gjort.

  • Kva skjer?

  • Korleis trur du ein med afasi har det når han/ho må bruke litt lengre tid på å finne orda vedkommande vil bruke?

Øving 2. Kommunikasjon med afasiramma brukar

Jobb i par. Lag eit rollespel der den eine er helsefagarbeidar som samtalar med den andre, som er afasiramma. Byt roller slik at begge får prøve å vere fagarbeidar.

Når du er fagarbeidar, kan du øve på å

  • vise at du har god tid (både verbalt og med kroppen) og at du vil lytte og hjelpe

  • sjå på den afasiramma når du snakkar

  • bruke enkle, korte setningar med ei uttrykksfull stemme og andletsuttrykk

  • stille ja/nei-spørsmål

  • supplere samtalen ved hjelp av kroppsspråk, bilete, kalender, klokke, kart, aviser og liknande

  • skrive ned nøkkelord med penn og papir med tydelege bokstavar, tal og klokkeslett

  • illustrere og støtte opp under samtalen ved hjelp av enkle teikningar mens du snakkar

  • observere undervegs om den afasiramma oppfattar bodskapen din

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2023