Fagstoff
Video
Korleis hjelper du ein pasient med å følge føreskriven behandling?
Kvifor er det vanskeleg for pasientar å følge behandlinga som er føreskriven, særleg om ho går over lengre tid? I denne filmen (lengde: 11:05) kan du lære om compliance og korleis du som helsepersonell kan hjelpe ein pasient med å følge føreskriven behandling. Sjå filmen før du gjer oppgåvene.
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.
Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
Utfordringar til deg
Kva behandling har fastlegen til Silje føreskrive for å redusere blodtrykket hennar?
Kva kan vere årsakene til at det er vanskeleg for Silje å følge føreskriven behandling?
Kva gjer apotekteknikaren og helsesekretæren for å hjelpe Silje til å etterleve behandlingsopplegget?
I filmen blir omgrepa compliance og adherence brukte. Kvifor er det viktig med adherence, altså at pasientar blir involverte i avgjerder og deltek aktivt i eiga behandling? Diskuter med ein medelev.