Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast

Podkastar om konflikthandtering

Lær om konflikthandtering, deeskalering og sikkerheit i praksis. Lytt til podkastane med fagpersonar frå ulike yrkesgrupper, og reflekter over korleis du best møter vanskelege situasjonar i eige arbeid.

Podkast: Konflikthandtering i serviceyrke

Lytt først til podkasten nedanfor (lengde 20:00) og jobb deretter med refleksjonsoppgåvene under.

Serviceyrkene

Konflikthandtering i serviceyrke

I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar får opplæring i å handtere konfliktar. I opplæringa legg ein vekt på kor viktig det er å vere mentalt føre...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Refleksjonsoppgåver

  1. Beskriv trinna i femtrinnsmodellen som vektarar bruker, og forklar korleis førebygging på trinn 1 bidreg til å vareta sikkerheita før ein situasjon oppstår.

  2. Vektaren gir kunden to lukka val i staden for å bruke tvang. Kva for metodar for konflikthandtering blir trekte fram her, og korleis kan val roe ned utfordrande åtferd?

  3. Tom Andersen påstår at kroppsspråk og stemmeleie utgjer 90 prosent av kommunikasjonen i ei krise. På kva måte påverkar di eiga åtferd og posisjoneringa di sikkerheita for deg og andre?

  4. Benedikte blei kalla maktsjuk då ho bad ein kunde halde avstand. Kva for tiltak gjer ho for å hindre at denne utfordrande åtferda eskalerer til ein nødssituasjon?

  5. Hotellet opplever at gjester tek med seg vanskelege livssituasjonar inn på huset. Kva for vurderingar må du gjere før du nyttar rutinar for nødssituasjonar, som å tilkalle legevakt eller politi?

Podkast: Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

Lytt først til podkasten nedanfor (lengde 16:51) og jobb deretter med diskusjonsoppgåvene under.

Serviceyrkene

Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

I samband med demonstrasjonar kan det bli høgt konfliktnivå. I denne podkasten får vi høyre korleis politiet arbeider før, under og etter ein demonstrasjon for å dempe konfliktnivået.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Refleksjonsoppgåver

  1. Politiet utarbeider trusselvurderingar og planlegg i god tid. Kva for tiltak kan vi gjere i forkant av eit oppdrag for å førebygge at det oppstår kriser eller nødssituasjonar?

  2. Politiet må vere heilt nøytrale under demonstrasjonar. Korleis må du som yrkesutøvar handtere eigne meiningar når du møter utfordrande åtferd frå kundar eller publikum?

  3. Dialoggruppa bruker autoritetspersonar i miljøa til å skape "indre justis". Korleis kan du bruke samarbeid med andre som metode for å deeskalere ueinigheit?

  4. Politiet bruker berre maktmiddel som CS-gass dersom dialog ikkje fungerer. Kva for vurderingar må ligge til grunn før ein går frå dialog til å bruke tvangsmiddel?

  5. Politiet går i etterkant ut og forklarer kvifor dei handla som dei gjorde. Korleis kan evaluering og etterarbeid bidra til å førebygge nye konfliktar på sikt?

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 18.09.2026