Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Konfliktar ved alkoholsal

Som vektar kan du bli tilkalla for å assistere butikktilsette med utagerande kundar. Vi skal i denne oppgåva sjå på ulike situasjonar som kan oppstå i samband med alkoholsal.

Oppgåve 1

Kunden er sint fordi hen blir nekta å kjøpe alkohol sidan alkoholsalet er stengt for kvelden.

  1. På kva tidspunkt har vi ikkje lov å kjøpe alkohol i Noreg? Bruk og oppgi relevante kjelder.

  2. Korleis ville du ha handtert kunden, som er truande og nektar å forlate butikken før hen har fått kjøpt alkohol?

  3. Kva verkemiddel har du som vektar i ein slik situasjon? Har du høve til å nytte nokon tvangsmiddel? Forklar.

Oppgåve 2

Ein kunde blir nekta å kjøpe alkohol fordi vedkomande er rusa.

  1. Kva seier lovverket om sal av alkohol til rusa personar? Vis til relevante lovparagrafar.

  2. Korleis ville du ha handtert den rusa kunden som blir nekta å kjøpe alkohol?

  3. Kva verkemiddel har du som vektar i ein slik situasjon? Har du høve til å nytte nokon tvangsmiddel? Forklar.

Oppgåve 3

Ein person under 18 år blir sint fordi hen ikkje får kjøpt alkohol.

  1. Kva seier lovverket om sal av alkohol til mindreårige? Vis til relevante lovparagrafar.

  2. Korleis ville du ha handtert den mindreårige kunden som blir nekta å kjøpe alkohol?

  3. Kva verkemiddel har du som vektar i ein slik situasjon? Har du høve til å nytte nokon tvangsmiddel? Forklar.

Oppgåve 4

Ein person blir nekta å kjøpe alkohol fordi det blir mistenkt at hen skal kjøpe til mindreårige.

  1. Kva seier lovverket om kjøp av alkohol til mindreårige? Vis til relevante lovparagrafar.

  2. Korleis ville du ha handtert kunden som blir nekta å kjøpe alkohol til mindreårige?

  3. Kva verkemiddel har du som vektar i ein slik situasjon? Har du høve til å nytte nokon tvangsmiddel? Forklar.

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 09.09.2026