Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Klimaendringar og naturfarar i byområde

Som i dei fleste norske byar må vi ta omsyn til fleire ulike naturfarar i Trondheim. Her kan du jobbe med oppgåver om klimasystemet, klimatilpassing og naturfarar i byområde.

Om oppgåvene

Byar er i stor grad skapte av samfunnet og menneske. Men naturen påverkar korleis byane kan og bør sjå ut. Her bruker vi Trondheim som døme.

Når du svarer på oppgåvene, skal du bruke eigne ord og vise døme ved å bruke skjermklipp og bilete frå oppgåva "Bli kjend med Trondheim". Du må forklare korleis desse er relevante døme.

1. Spørsmål

  1. Kva er klimaendringar?

  2. Forklar samanhengen mellom klimagassutslepp og global oppvarming.

  3. Kva klimasone er Trondheim i?

  4. Kva rolle speler plasseringa til Trondheim (nærleik til havet og høgde over havet) for klimaet der? Forklar.

  5. Kva er forskjellen på klimatiltak og klimatilpassing?

  6. Kva konsekvensar av global oppvarming kan ramme Trondheim?

  7. Nemn tre naturfarar Trondheim kan bli ramma av.

    • Korleis går desse naturfarane føre seg om dei hender?

    • Korleis kan vi redusere sjansen for at dei hender?

    • Korleis kan vi redusere konsekvensane om dei skulle hende?

    • Vil klimaendringar auke sjansen for at nokre av desse skal ramme Trondheim? Kvifor eller kvifor ikkje?

2. Utforskande oppgåver

  1. Finn to døme på klimatiltak og to døme på klimatilpassing i Trondheim, og forklar dei.

  2. Foreslå to konkrete tiltak som kan naturfarar i Trondheim.

  3. Bruk kartet nedst på sida "Bli kjend med Trondheim", skru på aktsemdkartet for kvikkleire og marin grense. Kva er samanhengen mellom dei to kartlaga?

  4. Klarer du å finne døme på tiltak som er gjorde i Trondheim for å redusere risikoen for naturfarar?

Tips til læraren

Om du har lyst til å ha eit større fokus på det globale, kan det vere fint at elevane samanliknar Trondheim med ein eller to byar i utlandet. Då kan dei finne bilete og få eit inntrykk av den andre byen / dei andre byane ved biletsøk og bruk av tenester som Google Street View og Google Earth 3D. Deretter kan dei vurdere følgande:

  • Korleis blir dei to byane ramma av klimaendringar?

  • Kva naturfarar kan ramme byane?

  • Kvar er den sosiale sårbarheita størst?

  • Kva klimatiltak blir gjorde i byane?

  • Kva klimatilpassingar blir gjorde i byane?

  • Korleis er den sosiale sårbarheita i desse byane samanlikna med Trondheim?

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 20.05.2026