Fagstoff
Introduksjon: Klimaendringar og robuste byar
Korleis kan vi sikre byane våre mot naturfarar og eit klima i endring? I denne casen lærer du meir om klimasystemet, klimatilpassing og førebygging av naturfarar i byområde ved å ta utgangspunkt i Trondheim.

I Iladalen park er bekken som tidlegare låg i røyr, opna opp igjen. Det bidreg til å dempe flaum og er bra for det biologiske mangfaldet.
Læringsmål
Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne
forklare det grunnleggande ved klimasystemet
forklare korleis ulike område blir påverka ulikt av klimaendringar
diskutere kva tiltak byar og byområde kan og bør innføre for å tilpasse seg klimaendringar og redusere klimagassutslepp
forstå korleis naturfarar påverkar byområde, og at dette kan påverke bruken av areala
Tidsbruk
Tre økter på 90 minutt kvar.