Klimaendringar og naturfarar i byområde

Om oppgåvene
Byar er i stor grad skapte av samfunnet og menneske. Men naturen påverkar korleis byane kan og bør sjå ut. Her bruker vi Trondheim som døme.
Når du svarer på oppgåvene, skal du bruke eigne ord og vise døme ved å bruke skjermklipp og bilete frå oppgåva "Bli kjend med Trondheim". Du må forklare korleis desse er relevante døme.
1. Spørsmål
Kva er klimaendringar?
Forklar samanhengen mellom klimagassutslepp og global oppvarming.
Kva klimasone er Trondheim i?
Kva rolle speler plasseringa til Trondheim (nærleik til havet og høgde over havet) for klimaet der? Forklar.
Kva er forskjellen på klimatiltak og klimatilpassing?
Kva konsekvensar av global oppvarming kan ramme Trondheim?
Nemn tre naturfarar Trondheim kan bli ramma av.
Korleis går desse naturfarane føre seg om dei hender?
Korleis kan vi redusere sjansen for at dei hender?
Korleis kan vi redusere konsekvensane om dei skulle hende?
Vil klimaendringar auke sjansen for at nokre av desse skal ramme Trondheim? Kvifor eller kvifor ikkje?
2. Utforskande oppgåver
Finn to døme på klimatiltak og to døme på klimatilpassing i Trondheim, og forklar dei.
Foreslå to konkrete tiltak som kan førebygge naturfarar i Trondheim.
Bruk kartet nedst på sida "Bli kjend med Trondheim", skru på aktsemdkartet for kvikkleire og marin grense. Kva er samanhengen mellom dei to kartlaga?
Klarer du å finne døme på tiltak som er gjorde i Trondheim for å redusere risikoen for naturfarar?