Salssamvirke

Salssamvirka blir til
Før bøndene gjekk saman om felles meieri, var det vanleg at kvar enkelt gard vidareforedla mjølka og kjøttet sitt og selde produkta sjølve, til dømes til den lokale kjøpmannen. Kvar bonde var då avhengig av å ha eit godt forhold til kjøpmannen for å få betalt for varene sine. Når bøndene gjekk saman i eit samvirke, sikra dei at alle fekk same pris for varene sine, og dei fekk felles avtalar for levering.

Oppgåver i eit salssamvirke
Viktige oppgåver for salssamvirka er å sørge for omsetjing av produkt og å sikre stabile prisar for gartnar- og landbruksprodukt i heile landet. I tillegg er det eit mål å sikre nokolunde like prisar for forbrukarar i heile landet.
Marknadsregulering
Ei anna viktig oppgåve er marknadsregulering. Det skal sikre at produsentane har stabil omsetjing av varene sine. Marknadsreguleringa blir styrt etter retningslinjer frå Omsetningsrådet.
Det er TINE som er marknadsregulator for mjølk, mens Nortura er marknadsregulator for kjøtt og egg. Felleskjøpet Agri er marknadsregulator for korn.
Lagring av varer
Når det er overskot av ei vare i marknaden, kan ho leggast på eit reguleringslager. Dette er òg ein del av marknadsreguleringa. Det er vanleg å fryse ned kjøtt i heile eller halve skrottar, og på eit reguleringslager er forholda slik at kjøttet kan bli oppbevart lenge utan at kvaliteten blir dårleg. Ved overskot av mjølk blir ho lagra som ost, smør og mjølkepulver.
Prisutjamning
Prisutjamning er òg ein del av den offentlege forvaltninga av jordbrukspolitikken. Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar prisutjamningsordninga.
Prisutjamning for mjølk går ut på å regulere prisen etter kva mjølka skal brukast til, og samtidig sikre at bøndene rundt omkring i landet får lik betaling for mjølka si.
Salssamvirke i landbruk og gartnarnæring
I landbruk og gartnarnæring er det fleire organisasjonar som driv med salssamvirke, og vi skal sjå litt nærare på nokre av dei her.
TINE

TINE er eigd av meir enn 7 000 bønder og har ansvar for å hente mjølk frå alle eigarane sine rundt omkring i heile landet.
Dei har òg meieri og andre anlegg spreidde i heile Noreg. Desse sørger for produksjon og sal av drikkemjølk og mjølkeprodukt som ost, smør, yoghurt, dessertar og drikkevarer som iskaffi og jus.
Nortura

Nortura er organisasjonen til bøndene for produksjon og sal av egg og kjøttprodukt. Det er rundt 15 000 bønder som eig Nortura, og dei mest kjende merkevarene er Gilde og Prior.
I tillegg til å levere egg og kjøttprodukt til daglegvaremarknaden har Nortura hotell, restaurantar, kioskar og bensinstasjonar på kundelista. Dei leverer òg råvarer til andre aktørar i kjøttindustrien.

Gartnerhallen
Gartnerhallen er eigd av 1 000 grøntprodusentar og jobbar med sal og omsetjing av norsk frukt, bær, grønsaker og poteter. Det er sterk konkurranse frå importerte varer, så Gartnerhallen er viktig for å sikre føreseielegheit i pris- og leveringsavtalar for eigarane.
Norges Skogeierforbund

Skogeigarforbundet er eigd av rundt 30 000 skogeigarar og skal sikre rettane til grunneigarane og rammevilkåra for eit berekraftig skogbruk. Dei fleste medlemmene har sal av tømmer som hovudinntekt, og skogeigarsamvirka tilbyr tenester som skogsdrift, planting, klargjering av mark og ungskogpleie.
Skogeigarane i Norges Skogeierforbund er knytte til eit av fire regionale samvirke: Allskog, AT Skog, Glommen Mjøsen Skog eller Viken Skog.
Organisering
Som andre samvirkebedrifter er salssamvirka organiserte i lokale og regionale medlemsorganisasjonar som kvart år arrangerer årsmøte med val av nye styremedlemmer. Alle som er medlem i ein samvirkeorganisasjon, kan stille til val.
Styret har det overordna ansvaret for forvaltninga av organisasjonen. For å sikre at den daglege drifta går som ho skal og følger retningslinjene som styret har sett, er det tilsett ein dagleg leiar. Dagleg leiar peiker ut medlemmer til konsernleiinga. Medlemmene i konsernleiinga har ansvar for ulike fagområde i samvirkeføretaket.
Oppgåve
Kjenner du igjen logoen til dei ulike samvirkebedriftene? Ikkje alle er omtalte over, men du får det kanskje til likevel? Finn para, og prøv å snu færrast mogleg kort!
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no
Nettside hos landbruksdirektoratet.no