Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Innkjøpssamvirke

Innkjøpssamvirket vart etablert for å gi bøndene betre prisar og meir handlefridom. I dag sørger det for rimelege driftsmiddel, regulerer kornmarknaden, driv forsking og gir rådgiving for å styrke økonomien til bonden.

Innkjøpssamvirket blir til

Landhusholdningsselskapernes Fællesindkjøbsforening vart stifta på Austlandet i 1896, og tanken bak var at felles innkjøp var meir lønnsamt enn at bøndene kvar for seg måtte sørge for å kjøpe inn til dømes såkorn og nødvendige reiskapar. Når bøndene samla seg og kjøpte inn større kvanta samtidig, fekk dei meir for pengane og meir handlefridom.

Oppgåver i eit innkjøpssamvirke

Ei av dei viktigaste målsetjingane er å sikre økonomien til eigarane på kort og lang sikt. Ei viktig oppgåve for eit innkjøpssamvirke er altså å skaffe driftsmiddel til rimelege prisar. Døme på driftsmiddel i landbruk og gartnarnæring er maskiner, mineralgjødsel, kraftfôr og såvarer. Men innkjøpssamvirka kan òg ha andre oppgåver:

Marknadsregulering korn

Felleskjøpet Agri er marknadsregulator for korn, det vil seie at dei har ansvar for at bøndene har stabil omsetjing av kornet dei produserer. Marknadsreguleringa blir styrt etter retningslinjer frå og inneber at Felleskjøpet har

  • mottaksplikt for korn frå alle kornprodusentar heile året

  • forsyningsplikt for å sikre tilgang på korn til aktørane i marknaden. I første omgang gjeld dette møller som skal produsere matmjøl og kraftfôr.

  • informasjonsplikt for å sikre at alle får same informasjon om aktivitetar i kornmarknaden

Kornmottak og kraftfôrproduksjon

Sidan Felleskjøpet har mottaksplikt for korn, har du sikkert sett nokre av kornsiloane rundt omkring i landet der dei lagrar kornet. Det er flest kornmottak i områda med størst kornproduksjon, det vil seie Trøndelag og Austlandet. Men det er mottak i dei fleste fylka, med unntak av Nordland, Troms, Finnmark, Vestland og Oslo.

Nokre av mottaka er samlokaliserte med ein kraftfôrfabrikk, noko som er positivt fordi kornet ikkje treng å bli transportert vidare før det skal brukast. Det er bra for miljøet samtidig som det blir billigare å produsere kraftfôret.

Forsøksverksemd

Det skjer òg ein del forsøksverksemd, til dømes i samband med utvikling av fôrblandingar til ulike dyr.

Felleskjøpet Fôrutvikling

Dette er eit forskings- og utviklingsselskap som jobbar med utvikling av kraftfôr og fôrblandingar. Dei har eigne forsøksfjøs for mjølkeku og slaktegris og samarbeider med fleire bønder om fôringsforsøk på andre dyr.

Rådgiving

I tillegg driv innkjøpssamvirka rådgiving for medlemmene, og dei har spesialiserte rådgivarar innan fôring, fjøsbygging, presisjonslandbruk, dyrevelferd, maskiner og utstyr.

Oppgåver

  1. Kjenner du til andre innkjøpssamvirke enn Felleskjøpet? Og kan eit innkjøpssamvirke òg vere eit salssamvirke eller ha andre oppgåver?

  2. Kva er dei viktigaste oppgåvene i eit innkjøpssamvirke? Kan du gi nokre døme?

  3. Felleskjøpet Agri har ansvar for marknadsregulering av korn. Kva betyr det?

Kjelder

Felleskjøpet. (14. mars 2022). Historien om Felleskjøpet. https://www.felleskjopet.no/om-felleskjopet/historien-om-felleskjopet/

Landbruksdirektoratet. (25. september 2023). Markedsregulatorer. https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/regulering-og-kvoter/markedsregulering-i-jordbruket/markedsregulatorer

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 20.10.2025