Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Andre samvirke

Du møter samvirke overalt i kvardagen: på butikken, i bankvesenet, i forsikring, rådgiving og i lokale føretak. Her får du ei oversikt over nokre av samvirka du bør kjenne til i tillegg til dei store sals- og innkjøpssamvirka.

Rådgiving og interesseorganisasjonar

Norsk landbruksrådgiving (NLR)

Norsk landbruksrådgiving skal vere eit bindeledd mellom bonden og den nyaste forskinga og skal sørge for at ny kunnskap om til dømes gjødsling og presisjonslandbruk blir formidla til medlemmene. NLR er landsdekkande og har mange rådgivarar rundt omkring i landet med spesialkompetanse innan ulike felt. Rådgivarane skal vere viktige støttespelarar for bonden, og dei skal gi gode råd for å hjelpe bonden med å oppnå dei måla hen har sett seg for drifta.

Norske Landbrukstenester (NLT)

Norske Landbrukstenester er medlemsorganisasjonen for avløysarlaga og landbrukstenestene i Noreg. Hovudoppgåva deira er først og fremst å dekke behovet for kvalifisert arbeidskraft i landbruket. NLT har mange tilsette rundt omkring i landet, som skal hjelpe bøndene med å skaffe avløysar når dei treng det.

Inn på tunet

Inn på tunet er ein organisasjon for bønder. Dei som tilbyr ulike velferdstenester for barn og vaksne med behov for tilrettelegging og arbeidstrening. Inn på tunet skal ta hand om dei økonomiske interessene til eigarane sine, som er rundt 190 gardsbruk spreidde i heile Noreg.

Norges Birøkterlag

Norges Birøkterlag arbeider for å gi bierøktarar best moglege rammevilkår, gjennom informasjon og rådgiving retta mot politikarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Dei har i tillegg ansvar for å jobbe for god biehelse og støtte forsking innan fagfeltet. Eit viktig mål for dei er å auke etterspørselen etter norsk honning og andre bieprodukt.

Bondens marked

Bondens marked er eigd av bønder som produserer lokalmat, og dei arbeider mellom anna for at det skal bli lettare for lokale produsentar å kunne selje varene sine til daglegvarekjeder og reiseliv. Det er strenge krav til medlemmene om å bruke lokale og sporbare råvarer, og det er bonden sjølv som skal stå for salet av produkta sine. Bondens marked har ført til auka satsing på småskalaproduksjon, fordi bøndene får betre betalt for det dei produserer, når dei sel direkte til kundane.

Bank og forsikring

Her presenterer vi dei to selskapa innan bank og forsikring som er medlemmer i Norsk Landbrukssamvirke:

Gjensidige

Starten på Gjensidige var at fleire bønder gjekk saman om å opprette ei brannkasse, dette skjedde allereie på 1800-talet! Dette var eit sparesystem som skulle hjelpe dei som var så uheldige å miste hus og fjøs på grunn av brann. I dag tilbyr Gjensidige òg pensjon og sparing i tillegg til forsikring.

Landkreditt

Landkreditt er eit finanskonsern som har røter i landbruket, og dei har som mål å bidra til betre økonomi for medlemmene og kundane sine. Dei tilbyr tenester innan bank, fond, forsikring og eigedomsmekling, og overskotet kjem kundane til gode gjennom gode vilkår og overkommelege prisar.

Sidan Landkreditt Bank er eit aksjeselskap, vil eit eventuelt overskot gå tilbake til eigarane – som i dette tilfellet er samvirket Landkreditt.

Forbrukarsamvirke

Det største forbrukarsamvirket i Noreg er samvirkelaga, som no går under fellesnamnet COOP. Alle som handlar hos ein COOP-butikk, kan vere medlem. Og som i andre samvirkebedrifter er det medlemmene som eig COOP.

Historia til COOP starta allereie rundt 1840. Målet var å skaffe medlemmene varer som ikkje var for dyre. I dag kan medlemmene få spesielle tilbod, og dei får utbetalt kjøpeutbytte etter kor mykje dei har handla.

Oppgåver

  1. Kjenner du til lokale bedrifter/samarbeid som er organisert som eit samvirke i din del av landet? Kva oppgåver har desse samvirka, og kven er det som deltek?

  2. Kva reglar er felles for alle samvirkebedrifter?

Kjelder

Bondens marked. (u.å.). Om Bondens marked. Henta 1. desember 2025 frå https://bondensmarked.no/om-oss/om-bondens-marked

Gjensidige. (u.å.). Om Gjensidige. Henta 24. november 2025 frå https://www.gjensidige.no/om-oss

Inn på tunet. (u.å.). Samvirkelaget for Inn på tunet-gårder. Om oss. Henta 24. november 2025 frå https://innpatunet.no/om-inn-pa-tunet-norge-sa/

Landkreditt. (u.å.). Om Landkreditt. Henta 24. november 2025 frå https://www.landkredittbank.no/om-oss/

Norges Birøkterlag. (u.å.). Om Norges Birøkterlag. Henta 1. desember 2025 frå https://norbi.no/om-norges-birokterlag/

Norsk Landbruksrådgiving. (u.å.). Om Norsk Landbruksrådgiving. Henta 20. november 2025 frå https://www.nlr.no/om-oss

Norske Landbrukstenester. (u.å.). Om Norske Landbrukstenester. Henta 24. november 2025 frå https://www.landbrukstenester.no/om-nlt-2/

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 09.12.2025