Leasing

Operasjonell leasing
Operasjonell leasing blir oftast brukt til leige av køyretøy der leigetida er berre 3–4 år. Denne ordninga blir ofte brukt i offentlege institusjonar. Den som leiger, har bruksrett og vedlikehaldsplikt, men leverer inn køyretøyet ved slutten av leigetida. Leasingselskapet tek den finansielle risikoen.
Finansiell leasing
Finansiell leasing blir oftast brukt i landbruket til finansiering av nye landbruksmaskiner som traktor, skurtreskar og større landbruksreiskap. Den som leiger, har den finansielle risikoen. Her er det meininga at maskina skal bli eigedommen til leigetakaren ved slutten av leigeavtalen. Vi kan samanlikne ordninga med kjøp av maskin på avbetaling.
Finansiell leasing generelt
Kunden leiger landbruksmaskina, som hen sjølv har valt hos ein forhandlar, mot at hen betaler eit månadleg leigebeløp inkludert meirverdiavgift til leasingselskapet. Den som leiger, har full bruksrett.
Leigetida er ofte fem år med til saman 60 månadlege innbetalingar.
I innbetalinga inngår
nedbetalingsbeløpet for maskina inkludert meirverdiavgift
kostnader til leasingselskapet
renter som følger rentesatsen som gjeld på det aktuelle tidspunktet
I innbetalinga inngår ikkje
forsikring
vedlikehald av maskina
Ved slutten av leigeperioden kan den som har leigd maskina, kjøpe ho for eit beløp som svarer til to ekstra månadlege innbetalingar. Dette beløpet blir fastsett når leigeperioden er slutt.
Her er eit døme på leasing av ein ny traktor til 1,3 millionar kroner. Det gir ei månadleg innbetaling på 26 009 kroner.

Finansiell leasing med startleige
Viss vi kan stille med noko pengar sjølve, kan vi betale inn startleige (forskot). Startleige eller innskot er ei innbetaling som leigetakaren kan velje å betale inn for å redusere den totale kostnaden med leasingkontrakten og dermed òg det månadlege innbetalingsbeløpet.
Det er lovregulert at startleiga ikkje kan vere høgare enn 35 prosent. Vi kan samanlikne startleige med bruk av eigenkapital ved ordinært låneopptak, noko som fører til redusert lånebeløp.
Viss vi kan stille med eit forskot på 250 000 kroner når vi leasar traktoren til 1,3 millionar, søkk det månadlege innbetalingsbeløpet frå 26 009 til 21 008 kroner:

Finansiell leasing med restverdiavtale
Restverdiavtale er eit beløp som gjer at maskina ikkje blir betalt heilt ned ved slutten av leigeavtalen. Beløpet kan vere så stort som 20–30 prosent av kjøpesummen og gir same utslag som startleige med lågare månadlege innbetalingar. Ved slutten av leigetida kan leigetakaren anten kjøpe maskina ved å betale restverdisummen eller halde fram leiga med eit lågare månadleg innbetalingsbeløp. Det er ikkje alle leverandørane av landbruksmaskiner som har denne ordninga.
Fordelar med leasingavtalar
Du slepp å ta opp lån og skaffe sikkerheit. Du kan bruke oppspart kapital til noko anna.
Alle dei månadlege innbetalingane kan førast direkte i rekneskapen som utgift og kan gi lågare skatt. Viss du kjøper noko på vanleg måte, må du fordele kostnaden som avskriving over fleire år. Leasing gir derfor ei enklare og meir direkte kostnadsføring i rekneskapen.
Du kan få nytt utstyr finansiert med ei gunstig ordning.
Det gir føreseielege månadlege utgifter.
Ulemper med leasingavtalar
Ein kan bli freista til å skaffe ei litt for kostbar maskin, til dømes med funksjonar ein strengt teke ikkje treng.
Ikkje alle leasingselskapa har avtalar på brukte maskiner.
Det er ofte ei dyrare finansiering enn låneopptak dersom du ønsker å behalde maskina ved utgangen av leigeperioden.
Leasingselskap har ulik praksis med oppheving av kontrakt før leigetida er ute, noko som ofte inneber ekstra kostnader.