Støtteordningar

Løyvande styresmakt
Det er Stortinget som bestemmer storleiken på og fordelinga av støtta til kvar tid, etter innspel frå jordbruksforhandlingane mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks- og matdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet delegerer arbeidet til Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i fylka. Desse får tildelt pengar og blir gitt fullmakt til å forme ut regelverk, få søknader frå bønder og betale ut tilskota.
Støtte og krav til søkaren
Det generelle kravet til kven som kan få støtte, er at søkaren anten må eige jord eller leige jord med langsiktig kontrakt. Det må altså vere ei næringsverksemd basert på ressursane i landbruket. Kva støtteordningar det er aktuelt å søke på, vil vere avhengig av kva gardbrukaren driv med.
Døme på kva ein kan søke støtte til, er
areal som blir brukt til korn, gras eller grønsaker
ulike husdyrproduksjonar
midlar til avløysing ved sjukdom
økologisk landbruk
spesielle miljøtiltak i jordbruket
unge bønder og kvinner
Støtte til den årlege produksjonen
Pristilskot
Dette er tilskot som blir utbetalt ved oppgjer for mjølk, kjøtt, frukt og så vidare. Utbetalinga skjer samtidig med oppgjeret for levert vare til mottakarane.
Produksjonstilskot
Desse tilskota blir utbetalte sentralt og blir overførte direkte til bankkontoen til bonden. Satsane varierer etter dyreslag, kor mange dyr du har, og kvar i landet garden ligg (i kva sone). For areal er det forskjell på kva som blir dyrka, og kvar garden ligg.
Døme på berekning av tilskot
Tilskot til storfe
Vi skal sjå på eit døme frå ein gard med
25 mjølkekyr
25 ungdyr
300 daa grovfôrareal
150 daa korn
25 daa potet
Garden ligg i sone 4 (midt i landet). Vi bruker satsar frå 2025.
Dei 14 første kyrne har ein høgare sats per ku (8 733 kr) enn dei neste 16 kyrne (7 111 kr). Derfor multipliserer vi den høgaste satsen med 14 kyr og den lågare satsen med 11 kyr (25 - 14 = 11). For dei 25 ungdyra er satsen 1 587 kr.
Alle gardsbruk med fleire enn 5 mjølkekyr får eit driftstilskot. 2025-satsen er 291 100 kr.
Dei to siste linjene i dømet under omfattar beitetilskot. Det blir gitt tilskot til utmarksbeite der dyra går i minst fem veker. Dette har ein sats på 1 713 kr dette året. For beite på innmark krevst det at dyra går på beite i minst 16 veker i denne sona (sone 4), og satsen er 971 kr per storfe.

Tilskot til jordbruksareal
Eit anna tilskot er areal- og kulturlandskapstilskotet. Det er eit tilskot som alle får for alt dyrka areal. Dermed må vi legge saman arealet for grovfôr, korn og potet for garden, og vi får 475 daa.

Tilskudd til avløysing for ferie og fritid

Dette tilskotet er ein del av velferdsordningane i jordbruket. Ordningane omfattar òg sjukdom og fødsel. Tilskot til ferie og fritid blir berre gitt for gardbrukarar med husdyr.
Samla oppsett for tilskota til garden
Det samla oppsettet for garden blir då slik:

Støtte til økologisk landbruk

Formålet med støtte til økologisk landbruk er å kompensere for lågare avlingar og meirarbeid samanlikna med konvensjonell drift. Det blir gitt ekstra støtte til både dyr og areal frå den dagen garden driv etter det økologiske regelverket, altså både i karensperioden og i ferdig omlagd drift.
Støtte til regionale miljøtiltak i jordbruket (RMP)
RMP er ei tilskotsordning som skal motivere bønder til å gjennomføre miljøtiltak. Målet er å
redusere forureining til vatn og luft
vareta kulturlandskap og kulturminne
legge til rette for friluftsliv
vareta biologisk mangfald
Det er Statsforvaltaren i fylka som får tildelt midlar gjennom jordbruksoppgjeret, og som sjølv bestemmer kva tiltak og satsar som skal inngå i det regionale miljøprogrammet.
Døme på tiltak er
drift av bratte område og stimulering til beite i verdifulle beiteområde
slått av myr og slåttemark i utmark og drift av setereigedommar
redusert jordarbeiding og miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel
Støtte til unge bønder og kvinner
IBU-midlar (Investering og bedriftsutvikling i landbruket)
IBU-midlar blir forvalta av Innovasjon Noreg og gir støtte til investeringar i bygningar, produksjonsutstyr og utvikling av gardsdrift til mellom anna unge bønder. Unge bønder (under 35 år) kan få inntil 70 prosent støtte av godkjende kostnader, avgrensa til 1,4 millionar kroner (2025). Dette gjeld både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar (til dømes gardsturisme og lokalmatproduksjon).
Tilskot til generasjonsskifte
Dette tilskotet gjeld personar under 35 år som i samband med overtaking av landbrukseigedom treng å gjennomføre mindre investeringar. Ordninga gjeld uavhengig av om garden er kjøpt på den opne marknaden eller ved familieoverdraging/odel.
Støtte til kvinner i skogbruket
Kvinner i Skogbruket er ein nasjonal organisasjon som tilbyr
mentorordning for kvinner som ønsker å etablere seg i skogbruket
nettverk, fagleg støtte og inspirasjon
prosjektmidlar for å styrke kvinners deltaking i næringa
Innovasjon Noreg og generelle støtteordningar
Innovasjon Noreg er statens og fylkeskommunanes organ for å støtte opp om verdiskapande næringsutvikling. Dei skal òg bidra til nyskaping og berekraftig vekst i heile landet.
Reglar og rammer blir bestemde av Landbruks- og matdepartementet, etter innspel frå jordbruksforhandlingane.
I tillegg til IBU-midlar omtalt over, blir det gitt tilskot og lån til investeringar til
driftsbygningar og fôrlager for dyr
produksjons- eller lagerbygg for korn, potet, frukt og bær