Lån
Lånefinansiering
I den daglege drifta har dei fleste økonomiske midlar som dekker innkjøp av driftsmiddel og små investeringar. Vi sel til dømes korn, kjøtt eller mjølk frå garden. Dette gir oss inntekter vi set inn på bankkontoen. Når vi kjøper til dømes gjødsel, såvarer og kraftfôr, kan vi betale med pengane på kontoen.
Skal vi fornye maskinparken, kjøpe gard eller tilleggsjord, ny driftsbygning eller gjennomføre større restaurering, blir dei daglege inntektene for små til å betale dei store rekningane som kjem på kort tid. Lånefinansiering blir derfor nødvendig. For mange er det aktuelt å søke lån hos Innovasjon Noreg som òg disponerer ulike støtteordningar som kan vere aktuelle ved store investeringar. I tillegg er det vanleg å låne pengar til delar av investeringa i ordinære bankar som Landkreditt Bank eller lokale bankar.
Viktige omgrep
- eigenkapital
- pengar på konto, gåver, sal av bustad, innbyte eller investeringstilskot
- lånebeløp
- kjøpesum fråtrekt eigenkapital og investeringstilskot
- rente
- kostnaden ved å låne pengar av ein bank. Blir kalla rentefot (til dømes 5 prosent).
- nominell rente
- den renta som bankane reklamerer med, og som ligg nær det som bankane sjølve må betale for lån i Noregs Bank (styringsrenta)
- effektiv rente
- nominell rente + terminkostnadene for bankane. Blir rekna om til effektiv rente i prosent og er eit større beløp enn nominelle renter. Effektiv rente er det vi bruker for å samanlikne lån frå ulike bankar og for å finne kostnaden med lånet vi vel.
- avdrag
- lånebeløp i kroner dividert på talet på terminar
- terminar
- talet på innbetalingar før lånet er nedbetalt
- innbetalingsbeløp
- beløpet vi betaler inn til banken kvar termin. Består av avdrag + renter og kostnader. Må avpassast til økonomien i låntakaren.
- sikkerheit
- pant eller garanti som banken krev for å sikre seg mot tap. Vanlegvis pant i eigedom eller maskin. Ved tilleggslån kan det vere krav om kausjonist – ein person som garanterer å betale lånet dersom låntakaren ikkje klarer det sjølv.
To typar lån
Vi har to typar lån: serielån og annuitetslån.
Serielån
Når vi betaler tilbake eit serielån, er det like store avdrag i kvar termin heilt til lånet er nedbetalt. Rentene blir berekna etter siste saldo før kvar termin og er størst i starten av avdragsperioden. Avdragsbeløpet blir dermed òg størst i starten av avdragsperioden, men minkar fort.

Serielån er billigare totalt enn annuitetslån, men terminbeløpet er noko større i starten, noko som kan vere vanskelegare å betene økonomisk.
Annuitetslån
Viss vi har eit annuitetslån, er det like store terminbeløp i kvar termin heilt til lånet er nedbetalt. Avdraga er små i starten og aukar etter kvart. Rentebeløpet er stort i starten og minkar mot slutten av avdragsperioden.
Annuitetslån er dyrare enn serielån, men har same terminbeløp heile nedbetalingsperioden. Lånet liknar dermed på avbetaling i ein leasingkontrakt og er enklare å betene økonomisk i starten av avdragsperioden.
Korleis finn vi lånebehovet?
Vi bruker investeringsbeløpet utan meirverdiavgift når vi kalkulerer lånebehovet. Meirverdiavgift må vi betale i alle investeringar, men det er berre eit utlegg. Det er derfor viktig å sjekke at du har økonomi til å forskotere 25 prosent meirverdiavgift fram til april året etter investeringa. Då først kjem refusjonen frå staten.
Utgangspunktet for lånebehovet er kjøpesummen for maskin eller eigedom.
Ved kjøp av noko som krev oppgradering, må vi inkludere kostnadene til oppgradering i lånebehovet.
Vi trekker frå om vi får gåver frå foreldre ved overdraging av gard.
Vi trekker frå sal av eigen bustad om vi har, dersom vi skal kjøpe ein gard.
Vi trekker frå eventuelt innbyte av gammalt utstyr viss investeringa er ein traktor eller maskin.
Døme på berekning av lånebeløp
I dette dømet har vi overtaking av eit gardsbruk i familien.
Taksten er på 4 millionar kroner.
Driftsapparatet er noko slite, og fjøset må restaurerast for 2,5 millionar kroner.
Foreldra til kjøparen gir 500 000 kroner i gåve ved overdraginga til kjøpar.
Kjøparen har etablert seg med bustad som hen sel for å flytte inn på garden. Det gir eit utbytte på 1,5 millionar kroner når lånet på tidlegare bustad er fråtrekt.
Kjøparen har òg 200 000 kroner på konto som kan inngå i kjøpet.
Vi set opp ei berekning ut i frå desse føresetnadene og finn at lånebehovet er 3,3 millionar kroner:

Berekning av serielån
I dømet over kom vi fram til at vi har eit lånebehov på 3,3 millionar kroner. Vi tek utgangspunkt i eit lån med 25 års avdragstid og to terminar i året.
Først tek vi eit døme på nedbetaling av serielån og viser dei ti første terminane. Grunnopplysningane står øvst. Legg merke til at rentesatsen er 2,5 prosent kvar termin, som er halvparten av rentefoten på 5 prosent fordi det er to terminar per år.

Berekning av annuitetslån
Så bruker vi same situasjon til å vurdere eit annuitetslån. Legg merke til at avdraga og terminbeløpa i starten er litt mindre enn med serielån. Terminbeløpet er like stort i heile nedbetalingstida. Avdraget i kvar termin finn vi ved å trekke rentene frå terminbeløpet. Rentene blir berekna på same måte som til serielånet.

Annuitetsfaktor
Terminbeløpet finn vi med å multiplisere lånebeløpet (saldo) med ein såkalla annuitetsfaktor. Dette er eit tal som blir brukt til å rekne ut kva du skal betale tilbake når terminbeløpa skal vere like store, slik tilfellet er når vi har eit annuitetslån. Annuitetsfaktoren finn vi i ein annuitetstabell. Viss vi bruker ein lånekalkulator, treng vi ikkje å tenke på kva annuitetsfaktoren er.
Eit annuitetslån som er beskrive over, blir i overkant av 400 000 kroner dyrare enn serielån, mest på grunn av høgare rentekostnader i starten.
Filer
- Lånebehov(XLSX)
- Serielån(XLSX)
- Annuitetslån(XLSX)