Kva er samvirke?

Samvirke i heile verda
Den internasjonale kooperative alliansen (ICA) vart stifta i 1895 og har i dag over 1 milliard medlemmer på verdsbasis! Det er meir enn 306 organisasjonar frå 105 land som er med i ICA. Organisasjonar innan landbruk, fiskeri, helse, bustad, forsikring og bankvesen er nokre døme på kvar vi kan finne samvirke.
Tre grunnleggande krav
Det er tre grunnleggande krav som gjeld for samvirkebedrifter:
Samvirket skal vere eigd av brukarane.
Det er brukarane som skal styre samvirket.
Samvirket skal vere til nytte for brukarane.
Samvirkeprinsippa
Alle samvirke har nokre felles prinsipp, desse gjeld òg på verdsbasis:
- Frivillig og open medlemskap
- Alle som ønsker å vere ein del av eit samvirke, kan bli medlem og nytte seg av medlemsfordelar, så lenge dei aksepterer ansvaret som følger med medlemskapen.
- Demokratisk medlemskontroll
- Kvar medlem har stemmerett og kan delta i val av styremedlemmer.
- Den økonomiske deltakinga til medlemmen
- Økonomien i eit samvirkeføretak er basert på at eit eventuelt overskot skal komme alle medlemmene til nytte. Til dømes får alle som leverer mjølk til TINE, etterbetaling i februar. Denne betalinga er avhengig av driftsoverskotet i førre år og varierer med kor mykje mjølk du har levert.
- Sjølvstyre og sjølvstende
- Samvirkeføretaka er sjølvstyrte organisasjonar og blir kontrollerte av medlemmene. I det daglege er det eit valt styre som forvaltar interessene til medlemmene.
- Utdanning, opplæring og informasjon
- Utdanning av medlemmer, tilsette og tillitsvalde er ein viktig del av arbeidet i eit samvirke.
- Samvirke mellom samvirkeføretak
- Det er vanleg at lokale samvirkeføretak samarbeider med regionale, nasjonale og internasjonale organisasjonar.
- Samfunnsansvar
- Retningslinjene i eit samvirkeføretak skal fokusere på berekraftig utvikling av samfunnet.
Visste du at ...
"SA" står for samvirkeføretak, mens "AS" står for aksjeselskap? Den viktigaste forskjellen på desse organisasjonsformene er at eit SA har som mål å vareta dei felles interessene til medlemmene, mens eit AS primært er oppteke av å maksimere økonomisk gevinst for aksjonærane.

Ulike samvirkeformer
Det finst mange ulike samvirkeformer, basert på kva medlemmene i organisasjonen vil samarbeide om. Her er nokre døme:
salssamvirke
innkjøpssamvirke
bank- og forsikringssamvirke
avlssamvirke
Samvirkelova
Det første norske meierisamvirket starta opp i 1856, men det finst døme på samvirkeliknande organisering heilt tilbake til 1600-talet.
Sjølv om mange meieri, slakteri og gartnarbedrifter starta som samvirkebedrifter på starten av 1900-talet, kom lovreguleringa om samvirkeføretak først i 1981. I lova finn du reglar for korleis du kan opprette eit samvirkeføretak, og kva reglar som gjeld for leiing, medlemskap og økonomi.