Avlssamvirke

Avlssamvirka blir til
I starten av 1900-talet var det mest lokale storferasar i Noreg. Dei ulike storferasane skulle vere best tilpassa det området dei levde i, og vart kalla stadeigne rasar. Men allereie på 1800-talet vart det importert skotsk ayrshire, fordi denne rasen hadde så høg mjølkeproduksjon.
Etter kvart tok fleire av dei tradisjonelle avlslaga til å kjøpe inn avlsoksar frå både Sverige og Finland. Desse oksane vart brukte som fedrar for å forbetre mjølkeproduksjonen hos dei lokale rasane.
Det var mange diskusjonar og stor ueinigheit om kva som skulle til for å få fram dei beste avlsdyra, og alle diskusjonane førte fram til stiftinga av det første avlssamvirket i Noreg. Dei andre dyreslaga følgde etter, og i dag har vi fleire samvirkeorganisasjonar med avlsarbeid som hovudoppgåve.
Geno (Avlslaget for Norsk Rødt Fe)

Geno har hovudansvaret for avlsarbeid med rasen norsk raudt fe og heitte tidlegare nettopp Avlslaget for Norsk Rødt Fe. Denne norske kua som vi har flest av i dagens norske mjølkeproduksjon, er altså resultat av at fleire av dei gamle rasane gjekk saman. Målet var å avle fram ein storferase som gav mykje mjølk, samtidig som han har god kjøttfylde og god helse. For å oppnå så gode resultat som mogleg importerte dei avlsoksar frå nabolanda våre. Derfor er den NRF-kua vi har i dag, eit resultat av avlssamarbeid mellom fleire nasjonar.

Kva driv Geno med i dag?
Geno er eigd av norske bønder og skal arbeide for ei berekraftig utvikling av storfehaldet i Noreg. Det vil mellom anna seie at dei jobbar for å avle fram ei robust ku som lever lenge. Alle storfeprodusentar kan vere medlem i Geno, og du kan delta aktivt i styre og stell som tillitsvald. Årsmøtet set føringar for drifta. Hovudkontoret til Geno ligg på Hamar. Der er det fleire tilsette som sørger for den daglege drifta av selskapet.
Avlsarbeid

Avlsarbeid og utvikling av NRF-populasjonen er dei viktigaste oppgåvene til Geno. Dei skal òg tilby inseminering og tenester i tilknyting til dette. Sæden frå dei beste oksane blir sende ut til lokale inseminørar kvar femte veke, og du finn køyreplan for sædruta på nettsidene til Geno.
For at eigarane skal få eit best mogleg resultat i eigen buskap, er det avlsrådgivarar rundt omkring i landet som kan hjelpe deg med å setje opp avlsplanar og lage meir langsiktige planar for å gi deg best mogleg økonomi som bonde. Geno samarbeider med TINE om rådgivingsarbeidet.
Visste du at ...
Geno òg har eigardelar i internasjonale dotterselskap, Geno Global AS og SpermVital AS? Desse aksjeselskapa har mellom anna ansvar for eksport og sal av sæd og embryo til kundar i heile verda.
Forsking, utvikling og formidling

I tillegg skal Geno drive med forsking, utvikling og formidling. Sidan alt avlsarbeid baserer seg på kva gen dyra har, er det mange forskarar som jobbar med å kartlegge gen og undersøke korleis dei ulike gena heng saman og påverkar dei eigenskapane vi ønsker at dyra våre skal ha. Det kallar vi genomisk seleksjon (GS), og det er viktig for å kunne finne dyra med dei beste eigenskapane så tidleg som mogleg.
Norsvin (Norsk Svineavlslag)

Norsvin vart stifta i 1958 og hadde som mål å drive avl på den norske grisen. I starten heitte organisasjonen Norsk Svineavlslag. Det norske landsvinet var den mest utbreidde rasen, og vi kjenner ikkje til nokon lokale norske griserasar. Etter andre verdskrigen var det litt import av avlsdyr frå Sverige og Danmark før svineavlslaget vart stifta.
Kva driv Norsvin med i dag?
Det er norske svineprodusentar som eig Norsvin, og selskapet jobbar for at den norske grisebonden skal ha gode rammevilkår. Det vil seie at dei skal jobbe for god økonomi for bøndene og vareta dei politiske interessene deira. Dei skal òg sikre at alle eigarane får tilgang til det beste avlsmaterialet. Som medlem kan du òg her delta aktivt gjennom å stille til val i fylkes- eller lokallaget ditt. Det er årsmøtet som bestemmer kva arbeidsoppgåver som skal prioriterast det neste året. Den daglege drifta blir vareteken av dei tilsette ved hovudkontoret på Hamar.
Visste du at ...
Norsvin òg har eit internasjonalt dotterselskap, Topigs Norsvin? Dei har ein stor marknad fordi norsk svinegenetikk er i verdstoppen! Dei har òg eigarinteresser i fleire andre aksjeselskap som jobbar med avl og genetikk.
Avlsarbeid

Norsvin har ansvaret for avlsarbeidet med norsk landsvin og norsk duroc. Det inneber at dei samlar inn produksjonsdata som til dømes kolstorleik og slakteopplysningar. Dei har òg ein teststasjon der dei køyrer forsøk og måler viktige eigenskapar hos avlsrånane.
Vitskap, forsking og formidling
Allereie på 60-talet begynte Norsk svineavlslag å måle spekktjukkleik på grisane med bruk av ultralyd. Slaktekvalitet og kjøttkvalitet er viktige eigenskapar, og for å sikre best moglege resultat begynte dei òg å bruke søskentestar i griseavlen. Dette er eit godt hjelpemiddel fordi grisar alltid har mange søsken og halvsøsken og dermed deler gen med mange.
På 80-talet vart kunstig inseminering innført som eit viktig avlstiltak i griseavlen. Dei siste åra har dei brukt genotyping for å sikre at det er dyra med dei beste gena som blir brukte i avlen.
Norsk Sau og Geit (NSG)

Norsk Sau og Geit heitte opphavleg Norsk sau- og geitalslag og vart stifta i 1947. Det er ein interesseorganisasjon for saue- og geitebønder og dei som driv med gjetarhund. NSG har mål om å fremme eit rasjonelt og lønnsamt saue- og geitehald basert på lokale ressursar.
Viktige arbeidsoppgåver i dag
Det er medlemmene i dei 18 fylkeslaga som eig NSG, og som for dei andre avlssamvirka er det årsmøtet som set føringar for arbeidet dei gjer. Hovudkontoret ligg på Ås, der dei har fleire tilsette som står for den daglege drifta.
Avlsarbeid
NSG har ansvaret for organisering og gjennomføring av avlsarbeidet på både sau og norsk mjølkegeit. Dette er sauerasane dei driv aktivt avlsarbeid på:
norsk kvit sau
kvit og farga spælsau
pelssau
sjeviotsau
Kvart år tek dei inn omtrent 75 kåra vêrlam. At dei er kåra, betyr at dei er godkjende som avlsdyr. Desse vêrane står på Staur seminstasjon i Stange der NSG leiger lokale. Her blir det produsert frosen sæd. Sæden blir send ut til sauebønder som har delteke på insemineringskurs og er godkjende av Mattilsynet, slik at dei kan bruke den beste sæden på dei beste søyene sine.
Dei har òg ein seminstasjon for norsk mjølkegeit, han ligg på Hjermstad i Stange. Her tek dei inn fem til ti av dei beste avlsbukkane kvart år. Her blir det så produsert frosen bukkesæd som blir send ut til dei bøndene som er godkjende for eigarinseminering.
Visste du at ...
Gentesting òg er ein viktig reiskap i avlsarbeidet med sau og geit? Det blir teke gentest av alle avlsvêrar og avlsbukkar for å få sikker informasjon om kva for nokre arvelege eigenskapar dei har.
Utvikling, forsking og formidling
Berekraftig utvikling og bruk av lokale ressursar er viktig for NSG. Derfor har dei tilsett rådgivarar som har spesialisert seg innan ulike delar av drifta. I samarbeid med dei andre avlsorganisasjonane arrangerer dei mellom anna fagdagar og seminar for å auke kunnskapen hos medlemmene.
TYR

TYR er ein avls- og interesseorganisasjon for dei som driv med kjøttfe, og vart stifta i 1975. Dei har ansvar for avlsarbeid med kjøttferasane i Noreg, og hovudkontoret deira er samlokalisert med Geno og Norsvin på Hamar.
Viktige arbeidsoppgåver
Hovudmålet til TYR er å produsere berekraftig storfekjøtt på norske ressursar. Derfor ønsker dei å avle fram dyr som er gode til å utnytte grovfôr og beiteressursar. Dette er òg eit viktig tiltak for å sikre god økonomi hos kjøttfeprodusentane, gjennom avl på dei dyra som utnyttar fôret best.
Avlsarbeid
TYR har ansvar for å drive det norske avlsarbeidet med kjøttfe på ein måte som varetek dyrevelferd og etikk gjennom avl på friske dyr som kan utnytte norske ressursar på ein god måte. Dei forvaltar ti ulike rasar, og dei driv aktivt avlsarbeid med desse fem rasane:
angus
charolais
hereford
simmental
limousin
Desse fem rasane har nye norske semin- og eliteoksar kvart år. TYR har teststasjonen sin på Staur i Stange og tek inn omtrent 80 oksar frå desse fem rasane til fenotypetest kvart år. Dei fem andre rasane, tiroler grauvieh, dexter, galloway, blonde d'Aquitaine og highland cattle, blir det ikkje drive aktivt avlsarbeid på i Noreg, så her importerer dei sæd frå avlsoksar frå utlandet.
Rådgiving og informasjon
TYR samarbeider med TINE om avlsrådgiving, noko som betyr at du kan få hjelp av ein rådgivar i TINE til å setje opp avlsplanar for besetningen di. Dei samarbeider òg med Geno om produksjon og distribusjon av sæd, noko som betyr at sæd frå dei beste kjøttfeoksane kan bestillast gjennom Geno. Det er inseminøren eller dyrlegen som bestiller sæd for deg viss du ikkje er godkjend som eigarinseminør.
Oppgåver
Relatert innhald
Nettside hos norsvin.no
Nettside hos geno.no





