Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Tverrfagleg case – vaktselskap

Her skal de setje dykk inn i det fiktive vaktselskapet Atlanten Security, som har spesialisert seg på inngangskontroll. Med utgangspunkt i casebeskrivinga skal de svare på oppgåver med kompetansemål frå alle programfaga.

Case

Kristine, Hanne og Roar har kjend kvarandre sidan vidaregåande. Alle tre har teke fagbrev i sikkerheitsfaget og deretter starta vaktselskapet Atlanten Security. Bedrifta spesialiserer seg på inngangskontroll for lokale bedrifter og arrangement i lokalsamfunnet.

I fjor hadde dei eit solid overskot, og dei har bestemt seg for å bruke dette til å utvide verksemda. I tillegg til manuelt vakthald skal dei tilby tekniske sikkerheitstiltak som alarmar og kameraovervaking til bedrifter. Derfor treng dei å tilsetje fleire medarbeidarar.

Oppgåve

Del 1

Med fleire medarbeidarar treng Atlanten Security å få på plass eit verneombod.

  1. Kva slags bedrifter er pliktige til å ha eit verneombod, og kva inneber det?

  2. Kva for andre partar er det aktuelt å samarbeide med for å utvikle eit betre arbeidsliv?

Del 2

  1. Kva for regelverk for helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid må verksemder som driv inngangskontroll følge?

  2. Forklar korleis dei kan gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk.

Del 3

Atlanten Security ønsker å bygge seg eit nettverk i lokalsamfunnet.

  1. Korleis kan dei bygge relasjonar i lokalsamfunnet?

  2. Kva betydning kan eit slikt nettverk ha?

Del 4

Atlanten Security har fått eit tilbod om å kjøpe inn 500 alarmar med sensorar til 200 kroner per eining. Dei bereknar 20 prosent i påslag for indirekte kostnader. Vel sjølv ei fornuftig forteneste. Meirverdiavgifta er på 25 prosent.

  1. Bruk sjølvkostmetoden til å rekne ut salspris inkludert meirverdiavgift for ein alarm med sensorar, utan montering.
  2. Kva vil det seie å setje ein pris som tek omsyn til marknadssituasjonen?

Del 5

Korleis skal Atlanten Security marknadsføre og selje den nye tenesta?

  1. Lag ein marknadsplan, som inneheld målgruppe, ansvarsfordeling og tidsskjema.
  2. Gjer greie for salsprosessen.

Aktuelle kompetansemål

Forretningsdrift

  • vurdere, berekne og tilpasse pris på eit produkt med tanke på kostnader og marknadssituasjon
  • gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit

Marknadsføring og innovasjon

  • selje eit produkt og gjere greie for salsprosessen
  • lage ein enkel marknadsplan og gjere greie for val av mål og verkemiddel

Kultur og samhandling

  • gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
  • reflektere over ulike former for relasjonsbygging og forklare betydninga av nettverk
Skrive av Anki Olsen.
Sist oppdatert 30.01.2026