Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Case om sikkerheit – sentervektar

Her skal du setje deg inn i rolla som leiinga i det relativt nystarta vaktselskapet Trygg&Sikker AS. Les casebeskrivinga og gjer oppgåvene.

Arbeidet med oppgåvene kan utførast individuelt eller i grupper, og presenterast samla for klassen.

Case

Vaktselskapet Trygg&Sikker AS er eit relativt nystarta vaktselskap. Det blei stifta i 2018 av to tidlegare vektarkollegaer, som begge har fagbrev. Dagleg leiar er Tone, som har mest erfaring som vektar. Ho driv selskapet saman med Anita, som har god kompetanse i økonomi og rekneskap og fungerer som budsjettansvarleg.

Saman har dei handplukka og tilsett fire tidlegare vektarkollegaer. Det er viktig for integriteten til bedrifta at vektarane har fagbrev og deler verdiane deira, noko som inneber å drive berekraftig og lønnsamt, utan at det går ut over sikkerheita.

Førebels har dei hatt få faste oppdrag, og dei ønsker å gi anbod på ein langsiktig kontrakt om vektartenester på eit nytt senter litt utanfor Oslo. Senteret har ein idealistisk visjon om å drive berekraftig, og bygget har solcellepanel og grøntområde på taket. Dei ønsker òg å gi plass til bedrifter som spesialiserer seg på gjenbruk, til dømes skomakarar, skreddarar og gjenbruksbutikkar. Under opningsveka skal dei mellom anna ha popup-butikk i samarbeid med Tise og Jenny Skavlan.

Dei ønsker no å knyte til seg eit vaktselskap som skal ha ansvar for vakthald og dagleg drift på senteret.

Tone og Anita meiner oppdraget er perfekt for dei, og at dei kan tilby ein god pris. Dei har likevel lite erfaring med langsiktige kontraktar, og dei har framleis litt blanda roller i bedrifta. Derfor har dei behov for ei skikkeleg oversikt i form av eit organisasjonskart.

Dei bestemmer seg raskt for å prøve å få oppdraget, og blir invitert til å presentere tilbodet sitt for senterleiarane.

Oppgåve 1

  1. Lag ein SOFT-analyse som fortel kva som gjer dykk unike som vaktselskap. Kva tilleggstenester kan de tilby?
  2. Lag eit slagord og ein logo, og fortel om forretningsidéen dykkar. Ver bevisste på kva verkemiddel de bruker.
  3. Rollespel: Gjennomfør ein salspitch overfor senterleiarane. Argumenter for kvifor Trygg&Sikker AS er det rette vaktselskapet for oppdraget.

Videoen Tre tips til pitch kan hjelpe dykk med å formulere ein tydeleg bodskap.

Oppgåve 2

  1. Lag eit organisasjonskart som viser roller og ansvarsområde i Trygg&Sikker AS. Presenter bedrifta.
  2. Gjennomfør ein risikoanalyse og foreslå tiltak.
  3. Presenter risikoanalysen som er gjennomført, og kva tiltak de foreslår. Argumenter for tiltaka på ein måte som viser at dette er "lønnsam sikkerheit".

I artikkelen "Korleis utarbeide eit organisasjonskart?" kan de finne ut meir.

Oppgåve 3

Opningskvelden er eit viktig arrangement som skal gjennomførast på ein trygg måte. Kvelden bør gi både kundar og forretningspartnarar eit positivt inntrykk.

  1. Vis korleis arrangementet kan gjennomførast slik at det blir ein minneverdig kveld i tråd med visjonane til senteret.
  2. Gjer greie for betydinga av eit godt gjennomført arrangement og for bidraget dykkar som vertskap.

Artikkelen "Slik planlegg du eit vellykka event" kan gi dykk nyttige tips som arrangørar.

Aktuelle kompetansemål

  • Forretningsdrift

    • beskrive ansvarsfordeling, og kva dei ulike rollene i ei verksemd inneber, og utarbeide og presentere eit organisasjonskart
    • gjennomføre ei enkel risikovurdering og presentere tiltak som førebygger uønskte hendingar
  • Marknadsføring og innovasjon

    • utarbeide ein marknadsføringskampanje og gjere greie for val av verkemiddel
    • selje eit produkt og gjere greie for salsprosessen
  • Kultur og samhandling

    • planlegge og gjennomføre eit arrangement og gjere greie for betydinga av vertskapsrolla
    • gjere greie for korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Skrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05/27/2020