Oppgåve
Video
Sentervektar – lover og reglar
I filmen nedanfor (lengde 06:24) ser du at vektaren må flytte fokus raskt og vere årvaken samtidig som han skjøttar fleire arbeidsoppgåver. Vektaren må altså ha fleire tankar i hovudet samtidig, kjenne til ulike lover og reglar og vere oppmerksam og serviceinnstilt.
Vi følgjer ein sentervektar gjennom ein typisk arbeidsdag. Video: Filmkonsulentene / CC BY-SA 4.0
Oppgåver
I oppgåve 2–6 skal du vise til relevante paragrafar i den aktuelle lova.
- Kva lover skal vektaren ta omsyn til i situasjonen som omhandlar ein mindreårig butikktjuv?
- Kva skil eit mindre tjuveri frå eit grovt tjuveri?
- Har vektaren heimel i lova til å ransake veska til butikktjuven?
- Kva betyr «å halde tilbake»? Når kan ein butikktjuv haldast tilbake?
- Kven kan bestemme at gjester skal visast bort frå ein serveringsstad?
- Kva rettar har vektaren når det gjeld handheving av reglar for senteret og butikkane, som til dømes å vise bort nokon eller halde nokon tilbake?
- Kva heiter lova som regulerer all vaktverksemd?